Give Me 5! med Frode Alnæs
Frode Alnæs og femteklassingane i Surnadal kommune inviterer til eit lysteleg musikalsk møte på Surnadal kulturhus torsdag 20. april klokka 19:00. Det er berre å seie: Give Me 5!
Vi fann 198 artiklar i dette arkivet.
Frode Alnæs og femteklassingane i Surnadal kommune inviterer til eit lysteleg musikalsk møte på Surnadal kulturhus torsdag 20. april klokka 19:00. Det er berre å seie: Give Me 5!
Laurdag 6. mai klokka 19:00 inviterer Kreativt Forum Surnadal (SKF) til «Vårspræll» i Storstuå på Surnadal kulturhus. Dette er femte framsyninga i serien «Vårspæll/Hæstlatter» som SKF arrangerer.
Påska nærmar seg med stormskritt, og dette fører sjølvsakt til at Surnadal kulturhus og Surnadal bibliotek får litt endra opningstider påskeveka og sjølve påskehøgtida.
Alexx Alexxander inviterer til ei magisk showoppleving som det smakar «Las Vegas» av. Søndag 26. mars klokka 18:00 kjem nemleg Alexx Alexxander til Surnadal kulturhus med showet sitt.
Onsdag 22. mars klokka 12:00 inviterer seniorfilmklubben til filmen «Picnic med døden» på Surnadal kino. Dei fleste hugsar nok da dei såg «Picnic med døden», frå 1972, for første gong. Da satt sikkert mange av dei som les dette heilt frampå ein lakka trestol i Trudvang. No er sjansen der igjen, men denne gongen på eit noko mjukare sitteunderlag i Surnadal kino.
Onsdag 15. mars klokka 17:30 inviterer Surnadal bibliotek, som er medlem av Litteraturhus i Møre og Romsdal, spesielt barn i alderen fire til åtte år, til eit møte med det mest fantastiske frå dyreverda i kionosalen på Surnadal kulturhus.
Søndag 12. mars klokka 19:00 kjem Øystein Sunde til Storstuå på Surnadal kulturhus, der han vil «servere» ei eventyrblanding av ein konsert han har kalla Øystein Sunde SOLO!
Dei to neste vekene viser Surnadal kino filmar på dagtid, i tilleg til filmane i regi av Seniorfilmklubben. Det er filmane «La elva leve», som blir vist tysdag 28. februar klokka 13:00 og «The Whale», som blir vist tysdag 7. mars klokka 13:00, som er filmane som blir vist på dagtid dei to komande vekene.
Surnadal bibliotek kan dei komande vekene pressentere fleire nye tilbod, dei håper vil auke leselysta! Dei presenterer også nye digitale tenester for å gjere seg meir tilgjengelege.
Veka som kjem er det vinterferieveka i størstedelen av landet, og Surnadal kino har difor sett opp langt fleire filmar enn til vanleg – både for dei som strikkar, og for dei som ikkje gjer det.
Tre veker før premieren, er dei to konsertane med «Surnadals Hyllest til Pink Floyd», der todalingen Ingebrigt K. Bergli er ein av koristane, er allereie så godt som utselde. Det er difor allereie no sett opp ein ekstra konsert laurdag den 25. februar.
Onsdag 8. februar klokka 12:00 inviterer Seniorfilmklubben til filmen Diktatoren av Charlie Chaplin på Surnadal Kino. Elles er kinoprogrammet dominert av Spielberg, Munch og premiere på barnefilmen «Mumiar på eventyr».