Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vangsgutane

Vangsgutane har vore folkelesnad for dei yngre her i landet heilt sidan den vesle boka «Flagg over Vangen» kom ut i 1945. Opphavet til Vangsgutane er i Tvangsgutaneodalen, og dei er oppdikta av den nokså kjente todalingen Leif Halse, som og har skrive mykje anna. Vangsgutane handlar om brørne Steinar og Kåre, og om ugagnskråka Larris, som bor i Todalen.
Vangsgutane har fått sitt monument i Todalen, der dei står ved Todalen Skule og ser ut over sitt eige rike.

Dette monumentet vart reist ved 100 års-jubileet til Leif Halse i 1997. Statuen vart laga av kunstnaren Annasif Døhlen. Nedst på sokkelen er det eit relieff av Leif Halse. Leif Halse kalla sine eigne søner Steinar og Kåre, etter gutane i serien. Men Steinar og Kåre i Vangsgutane er inga beskriving av Halse sine barn.

julehefte

Julehefte: Vangsgutane. Fonna Forlag 1991

I gammelskulen (nabo til skulen i dag) kan du òg besøke Halsesamlinga. Her er Leif Halse sine personlege eigendelar som diplomar, prisar, fela, vesten og skrivemaskina stilt ut. Her får ein eit innblikk i Halse sitt forfattarskap og kva han betydde for todalingane. Utanfor står eit tresnitt av Vangsgutane, som er laga av Nils Olav Talgøy spesielt til denne utstillinga.

vangen

Heimen heiter Vangen.
Oppunder bratte lia ligg det ein liten gard som heiter Vangen. Mannen som har bygt her, heiter Hans. Han arbeider hardt med å livberge seg og sine. Kona hans heiter Sigrid. Ho er like arbeidsam som han . Ho steller i fjøs og stue, ho lagar mat og held i stand kleda til mannen og dei to smågutane sine. Dei heiter Steinar og Kåre. Steinar er eldst.

larris

Larris er seriens ugangskråke.
No bykser Kåre i full fart på Larris og greier å trive tak i stauren , så Larris ikkje får høve til å slå bror hans forderva. Katten Mons som har følgt med , er også godt opplagt til å kaste seg inn i striden. Han bykser beint på den framande guten og riv av han lua. Guten har kome seg opp på Steinar og driv og dalgar til han med knyttneven.

Publisert: 25. august 2009, 15:33