Todalen Bondelag
Leiar: Ståle Ansnes
Nestleiar: Ingebrigt Ramsøy
Kasserar: HÃ¥vard Halset
Skrivar: Torill Gjeldnes
Styremedlem: Olav Halle
1. varamedlem: Frode Grønmyr
2. varamedlem: Kristen Bruset
Det er nok mange som lurar på kva som skal skje i Viastua, der det er stor byggjeverksemd med utgraving og støyping av store grunnmurar etter kvart. Det er Ola som satsar på ei framtid som mjølkeprodusent, og no utvider han fjøset med ca 500 m2. Det skal bli plass til nærare 50 mjølekyr, og mjølkerobot til rundt 1,5 mill. kroner er allereie på plass og teken i bruk. Ola er ikkje redd for å satse, for han seier at det er heilt sikkert at vi treng mat i framtida også. Innan 2050 må verda doble matproduksjonen dersom det skal bli nok til alle. Noko av dette skal produserast på Kvennset!
Rundt 250 personar frÃ¥ distriktet tok turen til Pestua pÃ¥ “Open gard” søndag. BÃ¥de store og smÃ¥ kom for Ã¥ sjÃ¥ det nye oksefjøset med over 300 oksar og hønehuset med 7500 verpehøner og ikkje minst for Ã¥ sjÃ¥ dyra som var der. Det var todalen Bondelag som var arrangør, med Maren,  Asbjørn og resten [...]
Bondelaga i Surnadal og Todalen inviterer til temamøte om nettsituasjonen og korleis nødvendig opprusting av lokale, regionale og nasjonale nett skal finansierast. Lokalt er det i dag enkelte linjer som er utilstrekkelig dimensjonert, og fleire vil få problem etterkvart som meir straumproduksjon vert bygd ut, fortel ledar i Surnadal Bondelag Oddvar Mikkelsen. Han fortel at det er same problemet fleire plassar rundt landet, og det er også eit problem i det sentrale nettet til Statnett.
Todalen Bondelag arrangerer som tidlegare nemt open gard i Pestua på søndag. Der vil Maren Ansnes og Asbjørn Karlsen vere vertskap. Bondelaget, Surnadal Bygdeungdomslag og Start 4H vil stå for det faglege gjennom dagen. Her vil det bli mulegheiter for å stifte kjennskap til ulike dyr, og ikkje minst få sjå inn i eit nymoderne oksefjøs. Det heile startar klokka 12 og varer til klokka 16.
Søndag 21. august blir det open gard i Pestua. Det er Todalen Bondelag som er arrangør, med Maren, Asbjørn, Anders og Ingunn som vertskap. I Pestua drives det med kjøtt- og eggproduksjon, og det vil bli omvisning i oksefjøset denne dagen. I tilleg vil det nok bli mange slags dyr å sjå, mellom anna lama, kanin og lam for å nemna noko, og dette vil skje i samarbeid med Start 4H der det er fleire av medlemane som har forskjellige husdyr som prosjekt i år.