Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalshytta

Todalshytta

Serveringsstad med overnattingsmulegheiter i historiske omgivelser.

Hytta er eigd av Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT), men den daglege drifta er det Stian Evensen som er ansvarleg for. Todalshytta ligg eit steinkast frå elva Toåa, med utsikt utover bygda og fjorden. Frå Todalshytta går det merka turstigar over til Innerdalen, som heng saman med resten av rutenettet i Trollheimen.

Todalshyttas byggherre, Ethelbert Lort-Phillips (1857-1943), kom frå Dartmouth i England. Han var ein velståande forretningsmann og i tillegg ivrig sportsfisker. I likskap med mange av sine velståande landsmenn, kom han til Noreg på slutten av 1800-talet, særleg for å fiske laks i elvane. Det var dårleg med innlosjeringsmulegheiter på Nordmøre på denne tida, og som den forretningsmannen han var, såg Lort-Phillips ei mulegheit her. Til saman førte han opp fire store hytter kor han tilbaud laksefiskarane standsmessig losji og forpleiing.

Todalshytta Sanitæranlegg. Foto: Jon Olav Ørsal

Til Todalen kom han i 1900, og etter at han hadde sikra seg ein 10-års kontrakt på leige av jakt- og fiskerett, bygsla han tomt og lot lokale handverkarar reise «Phillips» House» i 1901. Bygdefolket kalla huset for Fillipen etter eigaren. Det var kona, lady Louise Jane Forbes Lort-Phillips, som teikna hytta. I 1947 vart hytta kjøpt av KNT, og har sidan vore i deira eige.

Kontaktinformasjon
Telefon:  469 16 003
Du finn og informasjon på nettsidene til KNT.

Først publisert: 25. august 2009, 15:00 - Sist oppdatert: 3. juli 2020, 13:34