Utrykningsleiarar: Håvard Halset og Dan Roger Pedersen
Øvrige: Ståle Ansnes, Bjørn Kvendset, Jan Nordvik Bruset og Anders A. Karlsen.
Nyheter knytta til Todalen Brannvesen
Branntilløp på Talgø MøreTre i føremiddag
I 10-tida i føremiddag var det eit branntilløp. Det var opne flammar på utsida av eit sponavsug, der det var branntilløp i ein motor.
Testa utstyret og gjorde reint til 17. mai
Det passer nok godt for alle at brannmanskapa tester utstyret og øver på brannslukking no i maidagane. Tradisjonelt har det vore brannmannskapa sitt ansvar å få vekk grus og strøsand frå asfalten mellom Talgøfabrikken og Matkroken Todalen. Onsdag kveld rigga dei seg til med brannpumper og slangar – og sette i gang med spylinga.
Vaskar bort røyklukta etter brannen
Oppryddingsarbeit etter brannen i Bekkerhagan i sommar går sin gang. Mykje røyk og sot på utsida av to av nabohusa får denne veka ein skikkeleg omgang med rundtvask. Det er firmaet Cleanzone frå Eidsvåg som har fått det oppdraget gjennom Polygon som har prosjektet med reingjering etter brannen.
Felles brannøving med «bli-kjent-kveld»
Det er ikkje meir enn ein månad sia det var ramme alvor og husbrann i Bekkerhagan, der innsatsen frå lokale brannmannskap var avgjerande for resultatet. I kveld var brannmannskap frå Todalen, Kvanne og Surnadal samla til felles øving i Todalen – viktig å øve i lag, slik at ein blir kjent både med kvarandre, utstyret og ikkje minst kvar ein skal finne vatn til slokking rundt omkring i bygda.
Alt er borte, men har kvarandre
Måndag kveld vart ein særs dramatisk og trist kveld for familien Bolme og nabolaget i Bekkerhagan. Elinor og Ivar var på Rhodos på ferietur, og var akkurat ferdige middagen da dei fekk telefon frå yngsteguten Markus, som var heime saman med hunden, om at det brann i garasjen heime i Holbakken i Bekkerhagan. Ring brannvesenet med ein gong var beskjeden Ivar gav Markus, før han la på og ringte naboen Ragnar Halle. Elinor tok på si side kontakt med Ingri Bruset, som også er nabo, for å få ho til å ta seg av Markus, fram til broren Ola kom frå Surnadal.
Bolighus overtent i Bekkerhagan
Eit bolighus i boligfeltet Bekkerhagan i Todalen står i full fyr. Alle naudetanane er på staden. Brannvesenet driv med slokkingsarbeid for å forhindre at brannen spreier seg til nabohusa. Alle som var i huset har kome seg ut, inkludert ein hund.
Lyst til å bli brannkonstabel ved Todalen brannstasjon
Surnadal kommune har ledig stilling som brannkonstabel ved Todalen brannstasjon. Så har du lyst til å vere med i det frivillige brannvesenet i Todalen, så er det berre å lese informasjonen om stillinga nedanfor og sende inn ein søknad.
Sjekkar fyringsanlegget så du kan fyre trygt
No er feiarane ute på ein tilsynsrunde – dei sjekkar fyringsanlegget, slik at det skal være trygt å fyre – trygg for brannfare og sotbrann som lett kan starte i murpipa dersom den ikkje blir feid. No er dei to feiarane på rundtur i Todalen.
Ekspert på gode råd til sjølvhjelp
Einy Rendal Elgsæther var skeptisk da ho såg at Surnadal kommune skulle kome rundt til dei eldre i kommunen på heimebesøk. Ho var redd det var eit tilsyn, som kunne kome med pålegg om både det eine og det andre. Var eigentleg litt redd for å få kritikk for manglande tiltak. Svindelforsøk var også i tankane til Einy, men der tok ho grundig feil.
Tradisjonell brannøving utan eld…
Måndag kveld hadde brannlaget i Todalen brannøving med funksjonstest på utstyret. Det har etter kvart vorte tradisjon at brannlaget i Todalen kombinerer vårens brannøving med å spyle og reingjere plassen mellom fabrikken og butikken til 17. mai. Det er faktisk viktig at utstyret virkar når det verkeleg gjelder, og det vart testa ut måndag kveld.
Saniteten inviterte til beredskapssamarbeid
Sanitetskvinnene har ein over hundre år lang tradisjon for å arbeide med beredskaps- og helsearbeid – no oppfordrar dei lag og organisasjonar og lokale firma til å bli med på å planlegge og sette i system dette arbeidet. Første samling for å kome i gang var torsdag kveld i Sanitetshuset. Maren Ansnes som er leiar i […]
Brannøving med fokus på pipebrannar og førstehjelp
Vi går mot ein vinter med høge straumprisar og dermed auka bruk av vedfyring som ei av varmekjeldene. Med bakgrunn i dette hadde brannvesenet i Todalen, i går kveld, brannøving med fokus på pipebrannar og førstehjelp.
