Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Realistisk redningsøvelse i Svinviktunellen

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. april 2022

Heldigvis var det berre ei stor redningsøving som i går kveld samla redningsetatane til felles innsats i Svinviktunnelen.  Klokka 18.44 vart det ringt inn melding om ulykke med 2 bilar involverte inne i tunellen.  Straks begynte det å skje ting, og da kom først ambulanse,  brann/redningsmannskap og politi til staden i tur og orden.

Her kjem ambulansemannskap med sjukebåra  – foto Jon Olav Ørsal

Rundt 50 personar var involverte i øvinga, det var varsla katastrofealarm med tilkalling av alt disponibelt mannskap.  Elevar frå NoFo var hyra inn som markørar og medielinja filma og dokumenterte frå hendinga som var ganske så realistisk.  Det deltok mannskap både frå hovedbrannstasjonen i Surnadal, frå Todalen og frå Kvanne. 

Ein av pasientane er skåret laus og blir frakta ut av tunellen – foto Jon Olav Ørsal

Vi fekk være med inn i tunellen og sjå og oppleve korleis redningsmannskapa arbeidde, og det var imponerande kor effektivt og raskt det vart jobba utan at det eigentleg skapte særleg stress.  Det virka som det var dyktige og rutinerte folk som kunne sin jobb. 

Det er jammen ikkje enkelt å ta fatt på ein slik jobb, der meldinga gjekk ut på at det var 2 skadde – ein hardt og ein kritisk skadd.  Markørane i den eine bilden var relativt fort redda ut, medan dei mest skadde var fastklemt, og måtte skjæres laus. Godt gjort eigentleg at alle var ute av tunellen i 20-tida.  Under vegs var det og tilkalla ekstra mannskap frå både Sunndal og Rindal, samt at helikopter var tilkalla.

Den siste pasent blir skåret laus og bilden blir omtrent partert av brann-/ redningsmannskapa. Foto Jon Olav Ørsal

Etter at øvinga var det samling i Nordvik forsamlingshus for litt traktering og ei kjapp evaluering øvinga i Svinviktunnelen.  Det er alltid slik at det kjem fram ting som kan gjerast betre når ein evaluerer. Her kom både fram ting som kan forbetrast og ting som var gjort bra vart rosa.  Alt onsdag kveld er det ny øving, der resten av mannskapet skal i elden.  Det skjer til same tidspunkt, der Svinviktunnelen blir stengt igjen eit par timar frå 18.30 til 20.30 og kolonnekøyring med følgjebil før og etter stenginga. 

Evaluering og traktering i Forsamlingshuset på Nordvik. Ein nytting gjennomgang som sette fokus både på pluss og minus. Foto Jon Olav Ørsal

Ei bildegalleri frå katastrofeøvinga i Svinviktunnelen  – Alle foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 27. april 2022, 06:00 - Sist oppdatert: 26. april 2022, 23:24