LAKS OG AUREFISKE I TOÅA – elva til storauren
Elva Toåa renn gjennom dalføret Todalen, som ligger i Surnadal kommune i Møre og Romsdal. Elva Toåa har sitt utspring i vestre del av Trollheimen, og den strekker seg helt inn i Oppdal kommune i Sør-Trøndelag fylke. Elva Toåa har en lakseførende strekning på ca 8 km, fra elveutløpet og opp til Storfossen. Fisketid fra 15. juni til 15. august både for laks og sjøaure. Elvaeigarlaget er pålagt midtsesongevaluering av fisket. Salg av fiskekort på Nettstedet Inatur.no og hos Matkroken L. Hals Eftf., og der er det også desinfeksjon av utstyr som har vært brukt i andre elver. Meir informasjon om fisket og fiskekort finn du på www.todalslaks.no.
Nyheter knytta til Todalen Elveeigarlag

Mindre vassføring, men framleis god fiskarelv
Fint vêr og redusert slipp frå Tovatna har redusert vassføringa i Toåa, men det er framleis fin bra tilhøve og god fiskarelv. Måndag stengte Trønderenergi lukene på Tovatna, og det vil nok prege vassføringa så lenge vårløysinga er ferdig og det ikkje kjem tilføring i form av regn. Midtsesongevalueringa av sesongen er unnagjort, og det er klart at laksefisket fortsett ut sesongen, seier leiar i Todalen elveeigarlag Stig Husby.

Kjempa godt i mot, men måtte på land – oppdatert
Da er årets førsste laks komen i land i Toåa. I dag sørga Arve Evensen for å lande ein flott holaks på rundt 7,5 kg og 84 cm. Det var faktisk eit flott eksemplar som var uten lus og uten garnmerker og såg ut til å være i god kondisjon. Det vart faktisk litt «action» for å få den på land.

Ryddige elvekantar – klart for ny sesong
Laksefisket er forlengst igang i Toåa, men vi har venta på betre innsig før vi startar for fullt, seier Stig Husby, som er leiar i Todalen elveeigarlag. Torsdag kveld samla han habile mannskap for å ta ein dugnadstørn med rydding av elvekantar og tilrettelegging for laksefiskarane.

Husk dugnad torsdag – bli med og rydd elvekantene langs Toåa
Det gror igjen – elvekantene langs Toåa er ikke noe unntak. Derfor blir det dugnad med rydding av adkomst og diverse oppgraderinger langs elva torsdag 12. juni kl. 18.00,
forteller Stig Husby, som er leder i Todalen elveeigarlag.
Dugnadskvelden blir det oppmøte på Bruset – ta gjerne med motorsag og hagesaks. Elveeigarlaget stiller med ryddesag. Alle som har lyst kan bli med på dugnad, men grunneiere oppfordres spesielt til å bli med.

Da er den nye campingplassen bortimot klar
Onsdag kveld var det vårdugnad på skuleområdet ved Todalen oppvekstsenter. Her har nemleg Todalen Elveeigarlag og Todalen bøgdalag inngått leigeavtale med Surnadal kommune for å ha campingplass.

Kallar inn til dugnad
Todalen bøgdalag og Todalen elveeigarlag kallar inn til dugnad onsdag 7. mai klokka 18:00 – 20:00, for å gjere klar campingplassen, som i år vil vere lokalisert på skuleområdet ved Todalen oppvekstsenter.

Bra tross alt i Toåa – snart start på ny sesong
Laksefisket blir stramma inn i mange elvar denne sesongen, og da er det snakk om både innkorting av sesongen og reduksjon i kvoten. Vi har vore gjennom fleire innstrammingar dei siste åra, og i Toåa slepp vi nye innstrammingar slik det ser ut no. Det er Stig Husby som er leiar i Todalen elveeigarlag som er glad for at Toåa blir opa for laksefiske med sesongopa frå 1. juni til 31. august.

Det haster med tiltak for villaksen
Det er vel inga hemmelegheit at fjorårets sesong vart tidenes dårlegaste sesong for villaksen – på landsbasis vart det teke 45.000 laks, medan det i Toåa vart teke 53 laks og aure – ein fangst på 158 kg. Det er den dårlegaste fangsten som er registrert. Det beste av dei fem siste åra er 2020, da det vart registrert 213 laks og aure på til saman 653 kg.

Null utslepp frå oppdrett
Oppdrettsnæringa er i ferd med å ta livet av den ville atlantiske laksen, som Norge har internasjonalt verneansvar for. Lakselus, rømming og sjukdommar er tre av dei fire største truslane mot laksen. Klimaendringane er med på å forsterke desse.

Flugefiske bør du få på blå resept?
Når du står i Toåa med fluestanga, står tida stille. Mange har sagt at det er ikkje avgjerande om du får laksen på kroken – opplevinga kan ikkje målast. Tyskaren Enzo Hamann er ein av dei som har forelska seg i Toåa og livet på Todalshytta. Vi trefte Enzo og Arve i Båthølen i dag, og slo av ein prat…

Fikk prøve seg med fluestanga – stor stas for borna
Fredag ettermiddag og kveld var det aktivitetsdag i tunet på Bruset i regi av Todalen elveeigarlag. Laget ønsker å fremme interessa for elvefiske, samtidig som det også var lagt inn andre aktivitetar i programmet. Elveeigarlaget hadde hyra inn Start 4H og Todalen idrettslag som medarrangør og denne fine sommarkvelden kom det nærare 50 deltakarar med smått og stort.

83-åringen kom hit for å jubilere
Knut S. Johansen var 33 år første gongen ha var i Todalen for å fiske laks. Ein kompis frå Molde tok han med hit for i introdusere Knut for Toåa. Sia har det vore «fast følgje», og no er det altså 50. gongen han er her. I år har han ikkje med fiskestange, men er her berre for å jubilere og for å minnast, seier sarpingen.