Slik er Todalen sokneråd samansett etter valet i 2019:
Leiar Kristian Harstad Gjeldnes
Nestleiar Frode Grønnmyr
Medlem Monika Klungervik
Medlem John Moe
Varamedlem Anne Hjørdis Caspersen Telstad
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Kjapp ryddedugnad på morgonkvisten
Onsdag morgon var det ein kjapp «aksjon skogrydding» på kyrkjegarden. I regi av soknerådet vart to bjørktre tekne ned og fjerna ved hjelp av gravemaskin, motorsag og traktor.

Ei høgtidsstund for konfirmantane
Laurdag var det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje, med Torbjørn Brøske som liturg. Det vart ei fin og høgtideleg avslutning for konfirmantførebuingane som har foregått i vinter. 3 av dei fem konfirmantane høyrer heimen i Todalen sokn, medan 2 kom frå andre sokn – ein frå Stangvik og ein frå Trondheim.

Konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje
Laurdag 20. mai klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe er organist.

Dugnad med naggelbit – men no blir det minnelund på kyrkjegarden
Det var faktisk eit førtital som møtte på kyrkjegardsdugnad onsdag kveld. Kristian Gjeldnes som er leiar i soknerådet tykte det var svært oppmøte og godt var det, for da vart arbeidet fort unnagjort. Dugnaden var rett og slett vanleg vårrydding etter vinteren, med raking av lauv og tørrkvistar og litt oppretting av gravstøtter som telen har herja med.

Bra besøkt gudsteneste søndag – flott salmesong
Det blir bra salmesong når det er mange som deltek i gudstenesta – søndag var det eit førtital som deltok i den ordinære gudstenesta i Todalen kyrkje. Det var vikarprest Torbjørn Brøske som var liturg under gudstenesta, og både organist Bernt Bøe og klokkar Randi V. Bøe var også vikarar – men det vart ei triveleg gudsteneste for det.

Bli med på vårdugnad på kyrkjegarden
Onsdag 3. mai klokka 18:00 inviterer Todalen sokneråd til vårdugnad på kyrkjegarden. Det blir raking, oppretting av gravstøtter og rydding etter vinteren. Ta difor med høveleg utstyr som t.d. rive, spade, trillebår.

Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag
Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag klokka 11.00. Liturg er Torbjørn Brøske medan Bernt Bøe er organist.

Gripande kveld ilag med konfirmantane
Konfirmasjonen nærmar seg, og før sjølve dagen, blir konfirmantane samla til samtalegudsteneste, der dei har sentrale oppgåver. Tysdag 18. april var konfirmantane i Åsskard, Todalen og Stangvik samla til samtalegudsteneste i Åsskard kyrkje, og dei som var der, fekk ei fin oppleving!

Runda av påska med friluftsgudsteneste
Da friluftsgudstenesta på Tjønnmyran runda av med Todalssongen kom det nokre få regndråpar for å markere slutten på det fine påskevêret vi har hatt. Det var Todalen sokneråd som tradisjonen tru arrangerte friluftsgudsteneste 2. påskedag, og det er faktisk ein like gamal tradisjon at det er finvêr under friluftsgudstenesta. Mellom 50 og 60 personar var møtt fram og hadde installert seg i gapahuken på Tjønnmyra for å ta del i friluftsgudstenesta.

Friluftsgudsteneste på Tjønnmyran 2. påskedag
Måndag 10. april klokka 12:00 inviterer Todalen sokneråd til friluftsgudsteneste på Tjønnmyra. Liturg er Torbjørn Brøske og Bernt Bøe er organist.

Saniteten inviterte til beredskapssamarbeid
Sanitetskvinnene har ein over hundre år lang tradisjon for å arbeide med beredskaps- og helsearbeid – no oppfordrar dei lag og organisasjonar og lokale firma til å bli med på å planlegge og sette i system dette arbeidet. Første samling for å kome i gang var torsdag kveld i Sanitetshuset. Maren Ansnes som er leiar i […]

Konfirmantane ber med seg håp
Saman med konfirmantar over heile landet, gjer konfirmantane og frivillige i Surnadal og Rindal seg klare for innsamling til Kirkens Nødhjelp sin årlege Fasteaksjon. Tysdag 28. mars gjennomfører kyrkjelydane i Surnadal og Rindal bøsseaksjon frå klokka 17.00. Konfirmantar og frivillige samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid over heile verda, og gjev håp der nauda er størst. I Todalen er det konfirmantane, saman med soknerådet som står for innsamlinga. Husk difor å ha kontantar eller Vipps! klar til dei kjem!