Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd

Todalen sokneråd 2023 – 2027

Leiar: Borghild B. Talgø

Nestleiar: John Moe

Kasserar: Ola Bruset

Medlem: Anita Talgø

Sekretær: Rune Moe

Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik

Først publisert: 19. november 2009, 16:16 - Sist oppdatert: 25. oktober 2023, 17:45

Nyheter knytta til Todalen Sokneråd


Nyttårskveldsgudsteneste i Todalen kyrkje søndag ettermiddag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. desember 2023

Todalen Sokneråd inviterer til nyttårskveldsgudsteneste i Todalen kyrkje søndag 31. desember klokka 16:00 Forrettande prest er Torbjørn Brøske og ved orgelet sit Bernt Bøe. Preiketeksta er frå Johannesevangeliet kap. 14: «Fred etterlater jeg dere».


Julekonsertar i Todalen og Åsskard på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 7. desember 2023

Det er Koret Prosjekt 17 som er hovudaktør, når Todalen Sokneråd inviterer til «vi syng jula inn» i Todalen kyrkje søndag 10. desember klokka 15:00. Same julekonsert blir også arrangert same dag i Åsskard kyrkje klokka 19:30.


Samla mange til lysmesse i kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 3. desember 2023

Dagens lysmesse i Todalen kyrkje samla over 50 tilhøyrarar, og var ei triveleg samling og gjenhør med mange veteranar. Vikarprest var Torbjørn Brøske, som innleia gudstenesta med å minne oss på kor heldige vi er som kan feire adventstida og seinare jula i ro og fred uten frykt for krigshandlingar.  – Må vel være enig i at det er litt betenkeleg når så mange prøver å skape ro og fred uten at dei får det til – vi kan f.eks nemne Nato, EU, FN og mange andre.


Lysmesse, adventsmiddag og julegatetenning på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. desember 2023

Søndag er det mykje som skjer her i Todalen. Todalen Sokneråd inviterer til lysmesse i Todalen kyrkje, Todalen Idrettslag inviterer til adventsmiddag i Todalen ungdomshus og til slutt er det julegatetenning av Todalen bøgdalag si julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø.


Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. november 2023

Søndag 19. november klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Forrettande prest er Torbjørn Brøske, og ved orgelet sit Oddveig Helset Halle. Konfirmantane er med. – Dei møter kl. 9.30, heng opp salmenummera, ringjer med klokkene, går i prosesjon, og kanskje vert det tekstlesing, fotel Torbjørn. 


Allehelgensgudsteneste i Todalen kyrkje på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. november 2023

Søndag er det allehelgenssøndag, og Todalen Sokneråd inviterer til allehelgensgudsteneste klokka 11:00 i Todalen kyrkje. Prest er Torbjørn Brøske, og ved orgelet sit Oddveig Helset Halle. Gudmund Husby og neste års konfirmantar deltek i prosesjon med lystenning. 


Det nye soknerådet på plass

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 25. oktober 2023

Måndag 11. september, same dag som kommune- og fylkestingsvalet, var det val av nye medlemmar til soknerådet for Todalen sokn. Denne veka hadde det nye soknerådet sitt sitt konstituerande møte, for å fordele dei ulike verva.  


Innhaldsrik og godt besøkt gudsteneste

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 8. oktober 2023

I dag hadde Todalen Sokneråd invitert til gudsteneste i Todalen kyrkje, og det vart ei innhaldsrik gudsteneste med rundt åtti frammøtte. Det var barnedåp, presentasjon av neste års konfirmantar og presentasjon av 50-årskonfirmantjubilantane, altså dei som vart konfirmert våren 1973. 



Tett tak til vinters på kyrkja

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. september 2023

Arnt Erik Otnes og Frank sPoon Botten rigga seg til for takreparasjon ved Todalen kyrkje.  Nokre lause steinar har forsvunne i løpet av året, og no er det på tide å få reparert dette.  Arnt Erik og Frank er vaktmestrar, og dermed ansvarleg for tak og anna vedlikehald ved kyrkja.


Val 2023 – bruk stemmeretten din!

Jon Olav Ørsal Måndag 11. september 2023

Frå klokka 12:00 og fram til kl 20:00 i dag er vallokala opne.  For Todalen sin del så foregår valet i Sanitetshuset.  Her finn du kommune- og fylkestingvalet i møtelokala, medan kyrkjevalet er lokalisert til kjøkkenet – og med låst dør i mellom.