Todalen sokneråd 2023 – 2027
Leiar: Borghild B. Talgø
Nestleiar: John Moe
Kasserar: Ola Bruset
Medlem: Anita Talgø
Sekretær: Rune Moe
Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Kyrkja jubilerer
For Todalen kyrkje blir 2011 eit år med stor aktivitet. Kyrkja blir nemleg 150 år, og startar jubileumsaktivitetane med misjonsfest søndag kveld 30. januar, der misjon og sokneråd er arrangør. Her vil det bli tale og musikk av Bjørn Hovde, samt at vi får eit historisk tilbakeblikk på kyrkje og misjon i Todalen. Elles vil det bli både song og trekkspel, der Karen Oddny og Sigfred Gravvold opptrer saman med Oddmund Solem. Og sjølvsagt blir det servering. Sjå plakaten her
Les heile saka
Triveleg julekonsert i kyrkja
Det var ingen som kunne unngå å kome i julestemning, da Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og Bøfjorden mannskor song jula inn, saman med orkester. Med smått og stort var det eit 70-tal som hadde teke seg fri frå juleførebuinga for å få med seg denne konserten, og dei trong ikkje angre på det. Med nokre snøfjoner i lufta utafor vinduet vart det retteleg julestemning og dyktig musikarar og korsongarar sørga sørga for å forsterke den følelsen.
Les heile saka