Todalen sokneråd 2023 – 2027
Leiar: Borghild B. Talgø
Nestleiar: John Moe
Kasserar: Ola Bruset
Medlem: Anita Talgø
Sekretær: Rune Moe
Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd
Innhaldsrik songkveld
Onsdag kveld var det songkveld i kyrkja, der eit 60-tals tilhørarar fekk ta del i eit triveleg og innhaldsrikt program. Einy Elgsæther har send oss nokre bilde, og ha fortel at det var ein fin og innhaldsrik kveld. I tillegg til korsong og allsong viste Bernt Bøe ein lysbildedekavalkade frå kyrkjas historie, og det var framføring av kantaten «Visst skal våren komme».
Les heile sakaTonekveld i kyrkja på onsdag
Onsdag 9. mars kl 19.30 blir det «Tonekveld» i Todalen kyrkje. Her får vi høre Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og det blir allsong. Vidare blir det lysbilete med mange godbitar av anekdoter og historikk. Og sjølvsagt blir det kaffestund etterpå. Last ned plakaten her.
Les heile sakaÅrsmøte i Todalen sokneråd
Det blir årsmøte i kyrkja 20. mars, etter at gudstenesta er ferdig. Årsmøtesaker: Årsmelding Rekneskap Revisjon av gudstenesteforordninga Inkomne saker Innkomne saker som skal behandles sendes til todalen sokneråd v/Ildri Øyen seinast 12. mars 2011.
Gjorde seg kjent med kyrkja
I helga har det våre tårnagentghelg for dei yngste. Det starta med skattejakt på laurdag og fortsette med familiegudsteneste på søndag. Det var dei yngste klassane på skulen som var invitert denne gongen, og det var knytta stor spenning til skattejakta som gikk ut på å leita fram ting som var merka rundt om i heile kyrkja. Skattejegrane skulle finne ein ting som dei skulle namngi, og ut i fra heile fangsten skulle dei få til eit løysingaord, som denne gongen vart kyrkjeagent.
Les heile sakaGudsteneste med tårnagentar
Søndag 20. februar kl 11.00 er det familiegudsteneste med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje. Barn deltek i gudstenesta som tårnagentar. Offer til Nordmøre Søndagsskulekrets. Her finn du plakaten.
Misjonsfest med jubileum
Søndag kveld innleia Todalen sokneråd 150-årsjubileet til Todalen kyrkje med misjonskveld i kyrkja. Dei diska opp med eit variert program, som vart avslutta med kyrkjekaffe til heile festlyden. Ledar i soknerådet, Ildri Øyen ønska velkomen og introduserte opplegget for kvelden, og las frå prologen som Leif Halse skreiv til 100-årsjubileet i 1961. Bernt Bøe tok eit raskt tilbakeblikk på historia til kyrkja, som vart bygd i 1861 og innvigd 11. september i første omgang som anneks. I 1876 vart ho utvida og Todalen vart eige sokn. I 1890 vart ho vigsla på nytt, slik som ho står i dag.
Les heile sakaKyrkja jubilerer
For Todalen kyrkje blir 2011 eit år med stor aktivitet. Kyrkja blir nemleg 150 år, og startar jubileumsaktivitetane med misjonsfest søndag kveld 30. januar, der misjon og sokneråd er arrangør. Her vil det bli tale og musikk av Bjørn Hovde, samt at vi får eit historisk tilbakeblikk på kyrkje og misjon i Todalen. Elles vil det bli både song og trekkspel, der Karen Oddny og Sigfred Gravvold opptrer saman med Oddmund Solem. Og sjølvsagt blir det servering. Sjå plakaten her
Les heile sakaTriveleg julekonsert i kyrkja
Det var ingen som kunne unngå å kome i julestemning, da Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og Bøfjorden mannskor song jula inn, saman med orkester. Med smått og stort var det eit 70-tal som hadde teke seg fri frå juleførebuinga for å få med seg denne konserten, og dei trong ikkje angre på det. Med nokre snøfjoner i lufta utafor vinduet vart det retteleg julestemning og dyktig musikarar og korsongarar sørga sørga for å forsterke den følelsen.
Les heile saka