Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

11 turar i Todalen

Guro Redalen Onsdag 12. august 2020

Rykker det i turfoten, men du har gått deg litt lei av dei faste trimpostane? Får du besøk i helga og lurar på kva du skal vise fram av bygda? Er du ny i bygda og ser ikkje stiane for berre fjell? 

Fortvil ikkje, no ligg 11 ulike turar med ulik pulsgrad ute på nettstaden morotur.no. Og best av alt, så har turane fyldig forklaring på kvar du startar og skildrar turen med stigning,  tidsbruk og kjenneteikn å sjå etter på vegen. Det er Trimgruppa i Todalen IL som har lagt inn turane.

Dei ti turane er (Klikk på namnet til turmålet for å lese meir om turane inne på morotur.no)

Storhaugen

Turen til Storhaugen har ei stigning på 302 meter, og er ein rundtur som passar dei fleste. På toppen er det sett ut benk der du kan nyte utsikten utover bygda medan du tek kaffepausen. Du kan velje å gå same veg ned, eller du føljer skilting til Bruset som rundtur. Turen ned frå Storhaugen mot Bruset kan opplevast som bratt dei først metrane. Resten av nedstiginga er grei sti.

Ansnessetra 


Trimpost som får opp pulsen, men løn for strevet er utsynet over fjord og fjell når du når målet. 

Naustådalssetra, Kårvatn


Godt merka sti oppover lia.  På veg ned er det fint å legge turen innom  Nauståfossen. 

Løfta

Ein tur som passar dei aller fleste, på grusveg og god sti. Ein klassikar for Kløvertur-gjengen!

Tårnet

 Stien er godt synlig heile vegen. Passar særleg for deg som set pris på bra utsyn utover bygda mot Todalsfjorden. 

Gammelsetra

Ein tur med slak og moderat stigning, spesielt egna for dei som er vakse opp på Prærien. Held du fram  på stien etter Gammelsetra kjem du til setrene i Kvennsetdalen.

Haukarsteinen


Ein tur med 325 meter stigning. Skal du vidare innover Romådalen må du ikkje gløyme å hauke på Haukarsteinen for å skreme bort huldra.

Fauskhjellen

Turen startar etter redskapshuset ved Halsetvegen. Sjå etter dei raude merka som stadfestar at du er på rett veg,  

Toåa tursti og Gunnøya

Ein tur som er tilrettelagt for alle. Turstien har alt rukke å bli ein lågterskel-favoritt for turfolk i alle trimklassar. Hugs badetøy, og test gjerne eit elvebad.

Ja-benken

Fin rundtur med nokre korte bakkar. Overkommeleg for dei aller fleste, sjølv dei som helst seier nei.

Taløysetra (Talgøsetra)


Ikkje ein lang og krevande tur, men spar litt krefter til den siste bakken opp. Om du har lyst på meir utsikt, er det berre å halde fram på stien i retning Bjøråskaret og Innerdal.

Gløym ikkje at dei fleste turane har postkasse med trimpost-bok som du kan skrive namnet ditt i (eventuelt smuglese kven andre som har teke same turen i det siste …)

Alle foto er henta frå nettstaden morotur.no

Først publisert: 12. august 2020, 21:10 - Sist oppdatert: 2. oktober 2020, 07:54