Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya og Todalen Skytterlag

Styret i 2019:

Leiar: Håvard Halset
Nestleiar: Odd Magne Haugen
Kasserar: Tove Talgø Brøndbo
Sekretær: Trond Stenberg
Styremedlemer: Erling Talgø og Ståle Ansnes

Først publisert: 19. november 2009, 16:18 - Sist oppdatert: 15. november 2018, 23:49

Nyheter knytta til Søya og Todalen Skytterlag

Skyteprøve: Førebur seg på jakta i haust

Jon Olav Ørsal Måndag 8. august 2022

Kvar måndagskveld sia 27. juni har Søya og Todalen Skytterlag arrangert skyteprøver for storviltjakta på skytebanen i Ranheimsvingen på Kvanne. Skal du på storviltjakt så slepp du ikkje unna skyteprøven i år, slik som dei to pandemiåra. Det er obligatorisk med 30 prøveskott, og 5 skott til skyteprøven og 5 treff.


Første kveld med oppskyting er 27. juni

Jon Olav Ørsal Fredag 10. juni 2022

Snart startar oppskytinga til jegerprøven – første kveld i Ranheimsvingen blir måndag 27. juni frå kl 18:00 og utover. Etter to år med pandemi er samfunnet opna igjen, og iår er det igjen normalt program med 30 prøveskott og alle må fullføre skyteprøve for kvart rifleløp som skal brukast på storviltjakt, melder Søya og Todalen skytterlag.


Skytterlaget kaller inn til årsmøte

Jon Olav Ørsal Måndag 22. november 2021

 Søya og Todalen skytterlag kallar inn til årsmøte for 2021.  Det skjer på kantina på Talgø måndag 13. desember, og på agendaen står det vanlege årsmøtesaker.  Saker til behandling på årsmøtet må være leiar Håvard Halset i hende seinast 6. desember.  


Ny jaktsesong: Klart for skyteprøve i Ranheimsvingen

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. juni 2021

Søya og Todalen skytterlag startar ny sesong med skyteprøve for storviltjakta på skytebanen i Ranheimsvingen – første kvelden er komande måndag 21. juni og så blir det 10 måndagar framover til siste kveld 23. august.  På grunn av koronasituasjonen vil det heller ikkje i år bli krav om treningsskot på skytebanen, men skyttarlaget vil likevel anbefale at jegrane skyt mest muleg og førebur seg godt til jakta. 


OBS! Søya og Todalen skytterlag endrar skyteplana frå neste veke

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. juni 2020

Grunna låg deltaking vil skyttarlaget endre skyteplana for skyteprøven frå kvar måndagskveld til annakvar frå og med denne veka.  Dermed blir det skyting på følgjande datoar utover sommaren og hausten: 13. juli, – 27. juli, – 10. august, og 24. august. Tidspunkt er som før frå kl 18.00 – 20.00. Dette er altså datoar som gjeld i år for skyting i Ranheimsvingen. 


Oppskyting på skytebanen i Ranheimsvingen

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. mai 2020

Ny jaktsesong nærmer seg fort, men skyteprøven til storviljakta blir nok litt spesiell i år.  Som mye annet blir også skyteprøven påvirket av koronaviruset og situasjonen som har oppstått i den sammenheng. I år er det ikke alle som trenger å ta ny skyteprøve, for alle som har gyldig skyteprøve fra 2019 er også godkjent i 2020. Derfor er det berre dei som ikke tok skyteprøve i 2019 – for eksempel nye jegrer – som må ta ny skyteprøve i år. Oppskyting i regi av Søya og Todalen skytterlag starter 22. juni – bla om og les mer om dette i info vi har fått fra skyttarlaget….


Kallar inn til årsmøte

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. oktober 2019

Søya og Todalen skytterlag kallar inn til årsmøte på kantina på Talgøfabrikken på Kvennset tysdag 5. november kl. 19.30.  På agendaen står vanlege årsmøtesaker, og dersom det er aktuelle saker til årsmøtet så må desse være leiar Håvard Halset i hende innan 29. oktober.  Enkel servering på møtet.   


Full fart på skytebanen i Ranheimsvingen

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. juli 2019

Det var godt oppmøte på skytebanen da Søya og Todalen skytterlag arrangerte skyteprøver for storviltjegrar måndag kveld. Alle som skal på storviltjakt må kvart år ta obligatorisk skyteprøve, der ein først må skyte 30 prøveskott, og så 5 skott og 5 treff på dyrefigur for å avlegge skyteprøven.


Måndag 24. juni startar oppskytinga

Jon Olav Ørsal Sundag 23. juni 2019

Måndag 24. startar oppskyting på skytebanen i Ranheimsvingen, melder Søya og Todalen skytterlag. Deretter blir det skyting på måndagar frå 8. juli og fram til 26. august som er siste dag for oppskyting. Til skyteprøven for storviltjakt må du ha 30 prøveskot før du kan ta skyteprøven, og du må ha to kveldar på skytebanen.


Fikk fornya tillit på årsmøtet

Jon Olav Ørsal Fredag 16. november 2018

Torsdag kveld vart årsmøtet i Søya og Todalen Skytterlag avvikla på kantina på Talgø. Som venta var det ikkje noko stor forsamling, men dei var iallfall god og vel vedtaksføre, og da gikk årsmøtet fort unna. Raude tal i rekneskapet er kanskje ikkje noko godt teikn, men sjølv om rekneskapen viste ein liten minus, så er nok auke i ammunisjonslageret ei god forklaring på det.


No begynner det å haste med skyteprøve

Jon Olav Ørsal Måndag 13. august 2018

No er det høgsesong for oppskyting – alle som skal på storviltjakt må kvart å ta skyteprøven som er 5 skot på hjortviltfigur på 100 meteren. – Og alle skotta må treffe innafor sirkelen på 30 cm. Men før du får ta skyteprøven, så må du ta 30 prøveskot med jaktammunisjon. Det er Søyå og Todalen skytterlag som arrangerer skyteprøven her lokalt, og det skjer i Ranheimsvingen.


Skyteprøve – start i kveld i Ranheimsvingen

Jon Olav Ørsal Måndag 25. juni 2018

Søya  og Todalen skytterlag melder at de no er i gang med skyteprøve til storviltjakta.  Første kveld med skyteprøve er i kveld, måndag 25. juni frå kl 18-20 på skytebanen i Ranheimsvingen.  neste måndag den 2. juli er det ikkje skyting, men frå måndag den 9. juli blir det skyting kvar måndag fram til og […]