Styret i 2024:
Leiar: Håvard Halset
Nestleiar: Odd Magne Haugen
Kasserar: Tove Talgø Brøndbo
Sekretær: Martinus Grønnes
Styremedlemer: Erling Talgø og Ståle Ansnes
Nyheter knytta til Søya og Todalen Skytterlag
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2016/03/Skyttarlaget_2016-624x342.jpg)
Håvard Halset ny leiar i skyttarlaget
Forleden hadde Søya og Todalen Skytterlag årsmøte på Gammelfabrikken. Der vart Håvard Halset valt til ny leiar i laget, medan resten av styret fortsett, melder styret i laget. Søya og Todalen Skytterlag er ei samanslutning av dei to laga Todalen skyttarlag og Søya skytterlag, og dei har sitt baneanlegg i Ranheimssvingen på Kvanne. Det nye […]
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2016/03/Skjermbilde-2016-03-19-kl.-12.11.47-624x385.png)
Storviltjakta 2015
Lurar du på korleis storviltjakta gikk i 2015? No treng du ikkje det lenger. Her finn du absolutt alt du kunne tenkt å vite – og langt meir med. På Surnadal kommune si heimeside finn vi nemleg ein fyldig rapport laga av Tore Gjul i forbindelse med viltmøtet den 22. februar.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2016/02/Oppskyting_skiver_1299-624x443.jpg)
Innkalling til årsmøte i Søya og Todalen skytterlag
Torsdag 17. mars kl 19.30 blir det årsmøte på Gammelfabrikken i Brusetmarka. På dagsorden står vanlege årsmøtesaker og enkel servering. Eventuelle saker til behandling på årsmøtet må være leiar Håvard Halset i hende seinast 12. mars.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2013/04/Hjort_forside_6523_L.jpg)
Jaktdag på Felleskjøpet
Jakta på hjort er godt i gang, og den 10. september er det også klart for årets elgjakt. I den anledning ønsker Felleskjøpet å innvitere til jaktdag førstkommande tirsdag. Dei lover gode tilbud, enkel servering og utveksling av erfaring.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2015/08/Oppskyting_Standplass_1301-624x395.jpg)
Mot skivene 5 skott – ild!
Vi tok en tur til skytebanen i Ranheimsvingen måndag kveld – der rekna vi med å treffe ein kø lenger enn lang – som venta på å få ta skyterprøven til storviltjakta. Men, nei da, det var ein avslappa gjeng som tok seg god tid til skytinga, og 2-3 veteranar på venterommet som hadde mange gode jakt- og skytehistorier å fortelje. Det er rundt hundre jegrar som tek skyteprøven kvart år på banen i Ranheimsvingen – og det store fleirtalet hadde alt sikra seg dei obligatoriske 30 prøveskotta og etterpå 5 skott med 5 treff innafor sirkelen på dyrefiguren.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2015/08/Jaktskyting_Skiver_4931-624x412.jpg)
Skyteprøve i Ranheimsvingen – er du klar for jakt?
Søya og Todalen skytterlag har i heile sommar drive med skyteprøve på måndagskveldar – no er det 3 måndagskveldar att, så dersom du ikkje er kome i gang så hastar det litt. Skytinga går føre seg på skytebanen i Ranheimsvingen mellom kl 18.00 og 20.00
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2014/07/Jaktskyting_Skiver_4931-624x412.jpg)
No startar oppskytinga til jakta!
No startar oppskytinga til jakta, melder Søya & Todalen skyttarlag. Skytinga går føre seg på skytebanen i Ranheimsvingen på Kvanne, og det blir arrangert skyteprøve til saman 10 måndagskveldar mellom 22. juni og den siste kvelden 31. augst.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2014/07/Jaktskyting_4927-624x412.jpg)
Mot skivene – fem skot – eld!
Søya og Todalen skyttarlag er forlengst komne i gang med skyteprøve til årets storviltjakt. Det er berre ein stor månad til storviltjakta startar og i Ranheimsvingen er det full aktivitet med skyting kvar måndagskveld. Jaktaskyttarane må på skytebanen minst 2 gong for å avlegge skyteprøven. Det må først skytes 30 prøveskot, og så er det 5 skot mot dyrefigur, der alle 5 skota må være treff innafor ein sirkel med diameter på 30 cm.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2014/06/DSC_1144-624x413.jpg)
Skyteprøver – måndag er det start
Måndag 23. juni startar Søya og Todalen skyttarlag sesongen med skyteprøver på lagets anlegg i Ranheimsvingen på Kvanne, melder styret. Det er sett opp 9 måndagar utover sommaren og hausten til skyteprøve og oppskyting til storviltjakta. Alle kveldar er det skyting frå kl 18.00 til kl 20.00
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2013/06/Elgbane.jpg)
Årsmøte – Søya og Todalen skytterlag
Søya og Todalen skytterlag minner om årsmøtet hos HammerStuene på Surnadalsøra tysdag 26. november kl 19.00. På saklista står vanlege årsmøtesaker, står det i ei melding frå styret.
![Må ha 5 treff innafor sirkelen!](http://todalen.no/wp-content/uploads/2013/07/DSC_1146.jpg)
Må ha 5 treff innafor sirkelen!
Skal du på storviltjakt må du kvart år avlegge skyteprøve. No er Søya og Todalen skyttarlag godt i gang med skyteprøver på lagets skytebane i Ranheimsvingen på Kvanne. Det er enno 4 måndagskvaldar att, før laget avsluttar årets oppskyting. Det blir måndagane 5/8 – 12/8 – 19/8 – 26/8. Skytinga pågår i tidsrommet 18.00 – 20.00
Les heile saka![Tid for skyteprøve for storviltjegrar](http://todalen.no/wp-content/uploads/2013/06/Elgbane.jpg)
Tid for skyteprøve for storviltjegrar
Søya og Todalen skytterlag melder at det er tid for skyteprøve for storviltjegrar. Det foregår på lagets skytebane i Ranheimsvingen på Kvanne, og laget har sett opp følgande datoer for øveingsskyting og skyteprøve: 1/7 -15/7 – 22/7 – 29/7 – 5/8 – 12/8 – 19/8 – 26/8. Skytinga pågår i tidsrommet 18.00 – 20.00