Søya og Todalen skyttarlag er forlengst komne i gang med skyteprøve til årets storviltjakt. Det er berre ein stor månad til storviltjakta startar og i Ranheimsvingen er det full aktivitet med skyting kvar måndagskveld. Jaktaskyttarane må på skytebanen minst 2 gong for å avlegge skyteprøven. Det må først skytes 30 prøveskot, og så er det 5 skot mot dyrefigur, der alle 5 skota må være treff innafor ein sirkel med diameter på 30 cm.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2014/07/Jaktskyting_Skiver_4931.jpg)
Vanlege skiver for treningsskot, og dyrefigur for skyteprøven. Skytinga foregikk på 100 meters hald, men skivene kunne kjøres fram til standplassen for kontroll og klistring. Foto: Jon Olav Ørsal
Prøveskota kan delast over to kveldar, samtidig som du tek skyteprøven siste kveld. Da Todalen.no var innom Ranheimsvingen var det mange jegrar som var innom banen for å skyte prøveskot, og det var imponerande god skyting som vart vist. Dei fleste har gode våpen og kikkertsikte i dag, og da er det nok lett match å få til skikkeleg innskyting og dei fleste klarer seg med ein omgang på dyrefiguren. Reglane for skyteprøven kan du lese meir om her.
Skyttarlaget oppmodar folk til å starte med prøveskyting, slik at det ikkje blir for lang kø på tampen av sesongen for skyteprøver. Det er no 4 måndagskveldar att, nemleg den 4., 11., 18. og 25. august før det er slutt for i år. Derfor lønner det seg å kome i gang, og det lønner seg også å møte opp til skytinga startar kl 18, slik at det ikkje blir «tomgang» den første tida.
Bilder frå skytebanen i Ranheimsvingen, der det var full aktivitet med treningsskyting og skyteprøver. Alle foto: Jon Olav Ørsal