Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Da smaka det ekstra godt med bakels og graut
Søndag inviterte Skihyttegjengen til bakelslag på Skihytta. I det fine vêret var det mange som tok turen og rundt 25 personar vart traktert med kaffe og bakels på terrassen på Skihytta. Knut Halset er «kjøkkensjef» og sørga for å få start på agregatet, slik at det vart varme i dei 3 bakelsjarna.

En stor takk for gaven fra Ræta Opp 2025
NKS veiledningssenter for pårørende retter en stor takk til alle som bidro til at Ræta Opp 5. juli i Todalen ble en suksess! – Først av alt vil vi si tusen takk til deltakerne i Ræta Opp, der startkontingenten i sin helhet gikk til NKS veiledningssenter denne gangen.

Inviterer til bakels med graut på Skihytta søndag
Søndag 13. juli frå klokka 11:00 inviterer driftsstyret for Skihytta til bakels med graut og kaffe på Skihytta. Serveringa tek altså til klokka 11:00 og varer til ut på ettermiddagen rundt klokka 14:00.

Trekningslista i Todalen Idrettslag sitt sommarlotteri
På slutten av Todalsdagen som vart arrangert på Bordholmen stadion laurdag, var det trekning i Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri. Heile femten gevinstar fekk da nye glade eigarar.

34 fotballkampar, og rekordar for fall på Todalsdagen
Ein travel dag på Bordholmen er over – 34 fotballkampar og over 170 løparar har nok ein gong gjort Todalsdagen til ein festdag. Alle har kosa seg og har kunna nyte finvêrsdagen og aktivitetane på Bordholmen stadion – enten frå dei 4 fotballbanane, frå løypa for Ræta Opp – eller knaskje frå tilskodarplass. Det var mykje folk på Bordholmen i dag, sikkert mange besteforeldre og oldeforeldre som trufaste sponsorar til unge aktørar. Bra at dere er med!

Todalsdagen ’25 – snart går startskotet
Om eit par timar går startskotet for Todalsdagen 2025 – Fotballcupen har første avspark kl 10.45, og vidare blir det da full rulle med fotball på 4 banar, og heile 22 lag vil delta i kampen om ballen. Vi gler oss til å sjå alle smårollingane som skal vise oss kva som er ekte fotballglede på Bordholmen stadion. Her får vi gjennom dagen sjå både 3-er og 5-erfotball gjennom fleire timar.

Dugnad i regnet
Vêrgudane var rett og slett i dårleg humør og varta opp med den eine regnelingen verre enn den andre, da Bordholmen stadion skulle gjerast klar til den den 32 Todalsdagen på laurdag. Men eit lite tjuetals personar trossa vêret og vêrgudane og møtte opp på dugnaden, slik at anlegget kunne gjerast klart til laurdag.

Sommarlotteriet held fram og kampoppsettet er klart
Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri held fram med førehandssal på Matkroken Todalen onsdag 2. juli klokka 10:00 – 12:00 og fredag 4. juli klokka 10:00 – 12:00. Elles er det mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926 heilt fram til midnatt fredag 4. juli. Trekninga er klokka 14:00 under Todalsdagen på Bordholmen stadion.

Friluftslivets år – det er mykje som skjer i juli
Du har nok for lengst fått med deg at 2025 er «Friluftslivets år». Her er nokre gaue utearrangement som går føre seg i Surnadal kommune i tida framover, og som du kanskje vil slenge deg med på: 5. juli blir Todalsdagen arrangert på Bordholmen stadion i Todalen. Der kan dei minste delta på TodalsCupen 2025, ein […]

Dugnad på Bordholmen stadion torsdag
Torsdag 3. juli klokka 18:00 arrangerer Todalen Idrettslag dugnad på Bordholmen stadion, for å klargjere anlegget til Todalsdagen, som blir arrangert laurdag 5. juli.

Framleis ledige plassar på TodalsCupen 2025
Det er framleis ledige plassar på TodalsCupen 2025 som blir arrangert på Bordholmen stadion laurdag 5. juli. Siste frist for å melde på lag er forlenga fram til måndag 30. juni.

Todalen Idrettslag med Sommarlotteri
Laurdag 5. er det klart for Todalen Idrettslag sin tradisjonelle Todalsdag på Bordholmen stadion. Laurdag startar salet av loddar i Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteriet, som har trekning klokka 14:00 under sjølve Todalsdagen. Lodd kan kjøpast via Vipps 527926 og kvart lodd kostar kroner 20,-.