Styret i Todalen I.L. – 2023
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Endre Talgø
Kasserer: Jenny Stensby
Sekretær: Turid Sæter
Leiar Økonomi- og markedsføringsgruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trim/og allidrettsgruppa: Sissel H. Storslett
Leiar Barne- og ungdomsgruppa: Justyna Krajewska
Leiar Anleggsgruppa- drift og vedlikehold: Lars Stensby
Løypeansvarleg fjell: Skiskyttergjengen/Terje Nordvik
Løypeansvarleg Tjønnmyra: Ståle Ansnes
Ansvarleg Toåa Tursti: Michal Heimlund
Ansvarleg Hett & Svett: Anders Mo
Ansvarleg ungdomshuset: John Moe
Ansvarleg skihytta: Terje Nordvik
Fullstendig liste over tillitsvalde: Alle tillitsvalde 2023
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Populært med balleik i styggvêret
Dei to siste dagane, har vore av det vindfulle slaget. Da er det ikkje akkurat uteaktivitetar som freistar mest, så da er det bra Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag kan tilby balleik for barn og unge i gymsalen på Todalen skule.

«Barn i løypa» i kveld
Barne- og undomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer til sesongens første «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra i kveld klokka 18:00 – 19:00. Det blir servert saft til deltakarane.

Kallar inn til årsmøte
Styret i Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 15. mars klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker. Fullstendig sakliste vil bli kunngjort her på Todalen.no 7. mars.

Godt i gang med volleyball
Todalen Idrettslag har dei to siste tysdagane invitert til volleyball i gymsalen på Todalen skule. Dette er eit tilbod idrettslaget vil halde fram med på tysdagane framover, om det er interesse for det.

Artig med «hockeykveld»
I kveld inviterte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «hockeykveld» på Bordholmen stadion. Mange frå den «yngre garde» møtte opp for å spele ishockey på ein nypreparert og fin ishockeybane.

«Hockeykveld» på Bordholmen
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer til «hockeykveld» på Bordholmen stadion i kveld frå klokka er 17:30. Dette fordi det ikkje heilt optimale forhold for «barn i løypa», og fordi det no er nypreparert is på Bordholmen.

Fine forhold er det også i Svinvikrunden – på barmark
Har du ønske om å ta ein trimtur på barmark – utan ski, så er Svinvikrunden eit godt alternativ akkurat no. Rett nok er det ikkje barmark heile runden, men det er godt å ga til fots. Og er du utrusta med gode vintersko med pigg, så er du på trygg grunn. Søndag var det fleire som nytta høvet til ein søndagstur på barmark.

Det hjelper å være gavmild
Todalen Idrettslag og Todalsdagen er så rause at dei kvart år gir bort startkontingenten frå mosjonsløpet Ræta Opp, som blir arrangert i samband med Todalsdagen. I 2021 var det Blodbanken i Kristiansund som kunne nyte godt av denne givergleda, og heile startkontingenten på 16.300 kroner gjekk dit. Det var stor glede i Blodbanken, og Randi S. Tømmervåg og Elisabeth Sandvik var på Bordholmen under Todalsdagen – for å promotere Blodbanken.

Volleyball i gymsalen i kveld
Todalen Idrettslag inviterer til volleyball i gymsalen på Todalen skule i kveld, tysdag 10. januar, klokka 20:00. Så har du lyst til å vere med å spele litt volleyball framover vinteren, så må du ta turen til gymsalen no i kveld!

«Balleik» på torsdag
Etter nokre veker med «juleferie», så inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag igjen til balleik i gymsalen på Todalen skule torsdag 12. januar mellom klokka 18:00 – 19:00. Balleiken er for alle barn i grunnskulen, altså 1. – 10. årstrinn.

Nypreparerte skiløyper både på Tjønnmyra og nede i bygda
Todalen Idrettslag kan melde at det er nypreparerte skiløyper både i lysløypa på Tjønnmyra og nede i bygda, inkludert i Toåa tursti. Det er også trappa trase for å gå på føtene i Toåa tursti.

Adventlotteri – tjuefjerde trekning laurdag 24. desember
I dag er det finale og siste trekning i Adventlotteriet som Todalen ILs trimgruppe har arrangert. Det har vore ein suksess både økonomisk og samtidig mange flotte og kortreiste gevinstar som har gjeve mange og glade vinnarar. På finaledagen står vi att med 4 gevinstar. Den første gevinsten er eit måleri som er signert Sissel Halset Storslett – det vart vunne av Pestua. Det andre malerietsom går i dag, er signert Elisabet Aas og vart vunne av Vesleanna Talgø.