Arbeidsutvalet i Todalen I.L. – 2026
Leiar: Endre Talgø
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Sondre Halset
Sekretær: Årsmøtet gir styret fullmakt
Grupper/Utval:
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Astrid L. Kvendset
Bygg- og anleggsleiar: Nils Ove Bruset
Driftsleiar Bordholmen: Nils Ove Bruset
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Brit Grønmyr, medlem: Ola Einar Øyen og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Harald Myrås, medlem for 2 år: Mari B. Redalen og medlem for 3 år: Jorunn Nordvik
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag
TILs Julekalender – Trekning for tysdag 9. desember
Nok ein dag med 4 kortreiste gevinstar som er klare for nye eigarar. Dagens første gevinst er ei juleribbe som vart trekt ut på Mari Hafsås som den heldige vinnar – vi reknar med at det passar godt etter som det er berre 15 dagar att til jul.
TILs Julekalender – trekning søndag 7. desember
I dag er det 2. søndag i advent, og vi er på plass med trekning for dag 7 på Adventskalenderen. Da må det høve bra at det er 3 hekla englar som er første gevinst i dagens trekning. Den heldige vinnaren er Torkjel Ansnes Moe. Bla om så får du sjå kven som er dei tre andre vinnarane i dagens trekning:
TILs Julekalender – trekning for laurdag 6. desember
Ny trekning i TILs Julekalender for laurdag 6. desember og ein ny dag med 4 nye gevinstar som skal fordelast mellom ivrige loddkjøparar rundt omkring i Noregs land. Dagens første gevinst er ei flott toalettmappe som vart trekt ut til Marie Ness som altså er busett i Molde.
Tils Julekalender – trekning for fredag 5. desember
Da har vi trekninga klar for fredag 5. desember – ein ny dag med 4 gevinstar, og vinnarane som er godt spredd. Vi går beint på sak og kårar den første vinnaren i dag, som er Magnar Vikan, som er vinnar av ei flott julestjerne i MøreRoyal og som er flott pynta med lyslenke. Bla om så finn du dei tre neste vinnarane:
TILs Julekalender – trekning for torsdag 4. desember
Her er vi med ny runde med trekning av 4 nye gevinstar som skal fordelast etter dagens dyst. Som vi har omtalt tidlegare så er det over 100 gevinstar som skal fordelast på loddkjøparane for rundt firehundre og tretti julekalendrar som er selt rundt heile landet. Stor spenning kvar dag fram til jul – blaom og les:
TILs julekalender – trekning for 2. desember med 3 gevinstar
Da er vi i gang med dag 2 for TILs julekalender, og vi kan i dag sørge for å kunngjera nye vinnarar for 3 nye gevinstar. Som vi skreiv i går så er det over hundre gevinstar som skal få nye eigarar før vi ringer inn jula den 24. desember. Det vil seie at vi kan oppleve at det trekkes både 3, 4 og 5 gevinstar for kvar dag – det vil variere litt. Men i dag er det altså 3 gevinstar:
TILs Julekalender – klar med første trekning
Det har vore knytt stor spenning til TILs Julekalender, som har vore i sal i heile november. No er det slege sluttstrek for salet, og no startar altså trekninga som går kvar dag frå måndag 1. desember, til og med 24. desember – altså fram til jul. Todalen.n legg ut resultat av trekninga kvar morgon kl 06:00 og da reknar vi med at det blir kø for å sjå kven som har vunne.
Skeiseisen på Bordholmen klar
Minusgradene dei siste dagane har gjort at det har vore mogleg å lage is på skeisebanen på Bordholmen stadion. Finn Ranes, ein av dei ansvarlege for skeisebanen, opplyser at det akkurat no er fine forhold.
Nypreparerte løyper i lysløypa
Ståle Ansnes i driftsstyret for vinteranlegg i Todalen Idrettslag melder at det no er nypreparerte løyper i lysløypa på Tjønnmyran.
Stikk UT! bli med på vintertur!
Nå som dagene blir kortere og mørketiden senker seg, er det viktigere enn noensinne å prioritere aktivitet og utetid. Friluftsrådene i Møre og Romsdal, i samarbeid Møre og Romsdal skikrets, kommuner og lokale lag, er nå klare for Stikk UT! Vinter med både fot- og skiturer.
TILs julekalender har vorte ein god juletradisjon
TILs Trimgruppe satsar stort på årets «Julekalender» som blir ein god tradisjon. Trimgruppa følgjer opp suksessen frå dei to siste åra der det er trekning frå 1. desember og kvar dag fram til jule. Det er fleire gevinstar kvar dag, og det er like stor spenning kvar dag når vi på Todalen.no publiserer vinnarane kl 06:00. Trimgruppa er alt i gang med salet av julekalenderen på nett, men laurdag 22. november blir det sal av TILs Julekalender på Matkroken Todalen. Da blir det og graut og bakels å få til kaffen i Kaffekroken.
Her kan du ta ein velfortjent kvil
Ved gapahuken i Båthølen er ein ny kvilebenk på plass. Det er Pensjonistforbundet Surnadal som er sponsor, og det er altså «Toåa tursti» som er mottakar. Torsdag var det montering av skilt på benken, for å vise kva opphav den har. Wenche Kvendset representerte Pensjonistforbundet Surnadal og Jon Husby representerte mottakar.
