Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Bondelag

Etter årsmøtet i 2020 er tillitsverva i laget fordelt slik:

Leiar:                Stine Grytskog Ramsøy   Epostadresse: stine.grytskog@gmail.com
Nestleiar:         Olav Halle 
Sekretær:         Cathrine L. Kårvatn 
Kasserar:         Ola Haugen Ansnes
Studieleiar:     Asgeir Longva 
 
Først publisert: 19. november 2009, 16:13 - Sist oppdatert: 29. november 2020, 11:24

Nyheter knytta til Todalen Bondelag

Fine forhold for skogsdrift no

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. november 2023

På flat mark er det nok rundt 50 cm tele no, og det er nok perfekte forhold for å drive med skogsdrift.  Solli Skog er i full gang med skogsdrift for Talgø Gard, der Anita Talgø er grunneigar. 


Kaldvêr og veddrift på dugnad.

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. oktober 2023

Med aukande straumprisar er det sjølvsagt aktuelt med vedfyring igjen.  Dei siste par månadene har regnet sørga for å halde straumprisane nede – sågar eit par dagar på minusnivå.  Men så kom finvêret og litt kulde, og da vart det straks aktuelt å fyre opp i omnen igjen.  Bjørn Kvendset rusta seg på skogsarbeid og vedhogging i Lykkjebygda i dag – det er nok ved for neste sesong, og leveringsklar først til sommaren. 


Tøffe tak med sauesanking i snøen

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. oktober 2023

Det har vore utfordrande å drive med sauesanking i år  – det har vore mykje nedbør og ikkje minst har det store snøfallet i høgfjellet laga problem.  Ola G. Kvendset i Viastua fortel at dei har rundt 40-50 dyr i fjellet enno –  knappe 30 er berga ned frå snøen medan eit 20-tal ikkje er funne.  Onsdag henta Ola ned over 20 dyr frå Tælafjellet i Romådalen, men måtte forlate dei på Husbystølen i Romadalen da kveldsmørkeret kom. 


Kjem heim frå fjellbeite – vis hensyn til dyr i vegbanen

Jon Olav Ørsal Sundag 3. september 2023

Måndag 4. september blir dei første krøttera henta ned frå beite i Kvennsetdalen.  I sommar har det vore nærare 80 storfe på fjellbeite i Kvennsetdalen, men no er sommaren på hell, og da bers det heimover, og dyra vil bli henta puljevis ned frå fjellet, fortel Ola Kvendset. Han ber om at billistar viser litt hensyn når det er dyr i vegbanen mellom Rossåbrua og Kvennsetøran.


Kan det bli meieridrift i Todalen skule?

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. august 2023

I ei pressemelding frå Todalen Meieri blir det informert om at selskapet er i forhandlingar med Surnadal kommune om å overta bygningsmassen til Todalen skule.  Plana vidare er å etablere verksemda til Todalen Meieri der.  Dei har lege i startgropa for å etablere meieriverksemda i eigne lokalar heime i Utigarden på Kvennset – no kan planane bli endra. Lokala til Todalen skule har stått tomme sia skulen vart nedlagt i 2021.


Les om raset og tida etterpå – her finn du linkar

Jon Olav Ørsal Måndag 31. juli 2023

Tida etteer raset i 2013 vart det lagt ut mange nyheitssaker her på Todalen.no.  Sakene ligg framleis på Todalen.no i arkivet for juli og august 2013, og kan hentast fram i dagen dersom du har lyst til å friske oppatt det som skjedde på den tida.  Vi har lagt alle linkane på denne sida for å gjera det enkelt for deg som lesar – attafor linken ligg datoen da sakene vart lagt ut og denne høyrer sjølvsagt ikkje til linken. 


31. juli – det er gått 10 år sia raset gjekk

Jon Olav Ørsal Måndag 31. juli 2023

På denne datoen i 2013 gjekk det store raset uti Stranda. Det tok med seg både straumnettet, vegen og mykje skog  – og dermed var bygda totalt isolert frå omverda nokre dagar. Dette gjorde at utfordringane stod i kø – vi som var «innestengt» måtte finne nye løysingar og improvisere på mange felt.


Hesjing og uformelt slektstreff på Hjellnes

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. juli 2023

Oda Halle hadde mange hjelpande hender da ho inviterte slekningar til slåttonntreff.  Det vart sett opp ei hesje nærast som eit demo-prosjekt, der vidareføring av konpetanse var ein del av prosjektet, medan den sosiale biten som ligg i å treffast og gjera ting i lag var ein like så viktig del.  


Vil fange rømlingar med forhekk og viltkamera

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. juli 2023

Ola Kvendset fortel at det har «rømt» 5-6 ungdyr som han har på beite i Brusetgrenda, nærare bestemt på Elvagard.  Dyra er lokalisert i Brusetbotnan, men tross fleire forsøk har det ikkje lykkast å fange dei inn igjen.  Dei vart skikkeleg skremt at toreveret for nokre dagar sia, og treng nok litt tid for å roe seg ned igjen, seier Ola.


Fredag ber det til fjells

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. juli 2023

Fredag bêr det til fjells på sommarbeite – har du lyst til å være med på turen opp Kvennsetliene, så er det berre å ta kontakt.  Vi startar i grustaket ovafor Rossåbrua med ein heil skokk med storfe, og så ber det oppover lia etter skogsvegen, opp til Gammelsetra i første omgang. Dette tek nok litt tid, for det er mykje å lukte på og vekstar å smake på opp lia.  Vi kjem nok til å starte på turen rundt lunchtida – du kan avtale nærare tidspunkt på telefon 986 32 492 til Ola.


Siloslått og ny flatsilo teken i bruk

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. juni 2023

Det grøne skiftet tvingar fram mindre bruk av plast og meir rasjonell drift for innhausting av graset som blir bruka til fôr.  Todalen Mjølk har teke konsekvensen av det, og har i år gjort store investeringar for å rasjonalisere siloslåtten.  – No er dei i gang med førsteslåtten, og dei kan rapportere om både gode avlingar og god kvalitet på fôret.  


Stabil hjortbestand i Todalen – no fristar nygrøå

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. mai 2023

No når det er frisk og grøn nygrøå er det ikkje rart om hjorten blir frista ned på innmarka.  Måndag kveld var hjorten tidleg ute og tok lite hensyn til at det var litt biltrafikk.  På Ørsalhøgda var det eit trettital som «gassa seg» med denne godbiten.  Oppi liene er det nok berre bleik fynne enno, så det er nok ikkje rart om dei blir frista.