Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trefte på sikre vårteikn

Jon Olav Ørsal Måndag 22. april 2024

På vår runde rundt bygda trefte vi iallfall på 2 sikre vårteikn.  Jenstad Maskin var i full gang med å plukke inn brøytestikker på fylkesvegane.  Det vil seie fylkesvegane rundt bygda til Brusetkrysset og utover til Todalskrysset 

Det var fort gjort for Tore Høgstad å plukke inn alle brøytestikkene på alle fylkesvegane i Todalen. Foto Jon Olav Ørsal

Her var det Tore Høgstad, frå Jenstad Maskin frå Sunndal, som sørga for å plukke inn alle rød/rosa brøytestikker.  Jenstad Maskin har stort distrikt som dei betjener for entreprenøren Veidekke. Foruten Surnadal så har dei Sunndal, Gjemnes, Tingvoll og Trøndelag region sør som startar på Klett.  Knaskje blir det ein dag for tidleg, for yr.no melder sludd og snø for natt til tysdag?

Per Rindal starta i dag med gjødselspreiing for Todalen Mjølk. No blir det nok full rulle med våronn utover. Foto Jon Olav Ørsal

Vi registrerte enda eit vårteikn – det var nemleg Per Rindal med traktor og gjødselvogn som var i full gang med gjødselkøyring for Todalen Mjølk.  Rundt bygda såg vi fleire eksvipasjer som var rigga for gjødselkøyring, så det blir vel full rulle med gjødselkøyring og våronn utover veka.  

Rundt bygda har vi også registrer at det er ein del isbrann, men kanskje ikkje meir enn at det kan reparerast med litt fresing og ein runde med såmaskina.  Men best av alt er at det endeleg går mot vår og da blir det nok både grønt og varmt etter kvart. 

Publisert: 22. april 2024, 13:05