Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje norsk på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 25. oktober 2025

To norske filmar på surnadalskinoen i helga: ein basert på ei klassisk barnebok, den andre blir ein klassikar for dei meir vaksne.

Les heile saka

Talgø Tradbo og Einar Mork Snekkerverksted søker prosjektleder

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. oktober 2025

Talgø Tradbo og Einar Mork Snekkerversted søker etter prosjektleder til å bli med på utviklingen i byggebransjen.  Talgø Tradbo AS og Einar Mork Snekkerversted AS består av 30 dyktige ansatte som jobber med nybygg, påbygg og rehabilitering av bygg på Nordmøre, i Romsdal & i Trøndelag. Vi søker etter en erfaren og fremoverlent prosjektleder.

Les heile saka

Opna nytt flott Eiksenter

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. oktober 2025

Det var fullt hus og storslått feiring da Eiksenteret Surnadal fredag markerte opninga av det nye Eiksenteret i Røtet. Anlegget har kosta bortimot femti millionar og er eitt av elleve Eiksenter som utgjer Eiksentra i Mid-Norge.

Les heile saka

Sett fokus på eigenberedskap og beredskapsven

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. oktober 2025

I samband med Eigenberedskapsveka ønsker Sanitetsforeningane i Todalen og Surnadal, saman med Svorka ønsker å rette søkelyset mot eigenberedskap og beredskapsven. Eigenberedskapsveka blir arrangert i uke 44, som er neste veke (27.10. – 2.11.25).

Les heile saka

Sanitetsbasar – godt oppmøte, stort basarbord og stor givarglede!

Dordi Jorunn Halle Fredag 24. oktober 2025

Todalen sanitetsforening arrangerte årets basar i Sanitetshuset torsdag 23. oktober. I alt kom det inn 40 940 kroner på årets basar! Både leiar, kasserar, styret og medlemmer helsar tusen takk til alle som har støtta basaren med gevinstar og loddkjøp! Dei er overvelda av den store støtta!

Les heile saka

Kva veg stiller du klokka?

Jon Olav Ørsal Fredag 24. oktober 2025

Du har kanskje fått med deg at klokka skal stilles natt til søndag.  Det skjer siste søndag i oktober kvart år, og dersom du har fått med deg at det er sommartid frå siste søndag i mars så ligg du egentleg godt an.  Men når stiller du klokka fram og når er det ti for […]

Les heile saka

Ytre Kunstfagskole på verkstadsbesøk i Todalen

Dordi Jorunn Halle Torsdag 23. oktober 2025

I førre veke hadde Todalen besøk frå Ytre Kunstfagskole. Då dei i fjor var på eit dagsbesøk, vart opphaldet denne gongen eit meir fordjupande møte med staden. Besøket starta i Molde, der studentane fekk omvisning i utstillinga Doggerland av Siri Skjerve og Toril Redalen ved Møre og Romsdal Kunstsenter. Omvisninga var òg eit ope publikumsarrangement og danna eit naturleg utgangspunkt for vidare arbeid i Todalen.

Les heile saka

Klargjer for reparasjon – linjerydding uti stranda

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. oktober 2025

Svorka ordnar seg på å reparere skaen på høgspentlinja inn til Todalen – to kablar på linja vart kutta i samband med trefall under stormen Amy for eit par veker sia.  I mellomtida går straumforsyninga via høgspentkablar frå Drivhammaren og innover til kraftstasjonen i Rossåa.  Pål Heggset og John Langli er i gang med linjeryddinga og klargjer området til reparasjonsarbeidet startar.

Les heile saka

Nytt støttenettverk for bønder i Surnadal og Rindal

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. oktober 2025

Surnadal og Rindal kommunar har etablert «Bondens nettverk» med brei oppslutning lokalt. Representantar frå kommunane, veterinærane, rådgivarapparat, avløysarlag, bankar, regnskapskontor, næringsorganisasjonar og fleire. Målet vårt er å gjere det lettare for bonden å be om hjelp, tilby betre hjelp og førbygge alvorlege kriser for folk og dyr. 

Les heile saka

Endeleg – nylagt asfalt på Todalsøra

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. oktober 2025

Endeleg vart det lagt ny asfalt på den biten som mangla mellom den gamle Hals-bua og Gammelstua på Todalsøra.  Her har det vore sølepyttar i vegbanen året rundt, på grunn av tette avløpsrør og problem med å bli kvitt vatnet. 

Les heile saka

Basar i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Tysdag 21. oktober 2025

Sanitetsforeninga minner om basaren torsdag:
Todalen sanitetsforening arrangerer basar torsdag 23. oktober i Sanitetshuset. Basaren startar kl. 18:00.

Les heile saka