Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2026: Del 4

Guro Redalen Laurdag 4. april 2026

I del 3 fekk vi høyre ukjente tonar, beverteoriar og teknologisk sjølvprat. Påskeaften er ikkje for dei svake – det er dagen der folk flest burde halde seg til egg og lam, men likevel endar opp i Øyalia på jakt etter lysglimt.

Les heile saka

Sand-brørne vil heidre mor si med eiga utstilling

Jon Olav Ørsal Fredag 3. april 2026

Mor og bestemor har alltid strikka – det er eit kjært minne for oss barna og barnebarna, fortel Aune Sand. – No vil han og tvillingbroren Vebjørn heidre mora Kari med ei eiga utstilling i Galleri Sand Nordmøre i Todalen.

Les heile saka

Lite snø, men bra med folk på «Kjerringdilten»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 3. april 2026

Langfredag inviterte skihyttestyret til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta til Todalen Idrettslag. I år var det lite snø i fjellet, men det var så vidt nok nok til å få arrangert «Kjerringdilten» på ski. Langrennsdåra gjekk i år rundt skihytta/Ørsalmyra. 

Les heile saka

Påskekrim 2026: Del 3

Guro Redalen Fredag 3. april 2026

I del 2 av påskekrimmen vart fegis-frukt, wifi og menneskeleg psyke sett på prøve. Men i dag er det Langfredag, kjerringdilten krev sitt, og mysteriet har fått eiget liv. Set stavane i bakken og sansane i høgspenn.

Les heile saka


Gunnøydilten samla heile bygda og mer til

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. april 2026

Ein plass mellom 2-300 deltakar på gunnøydilten som i dag vart arrangert i Toåa tursti – med base ved gapahuken som er lokalisert ved Båthølen.  Det er Todalen ILs trimgruppe som er arrangør, og i år er det for 6. gongen etter at Toåa tursti vart bygd ferdig i 2020.  Trimgruppa sørga for sal av kaffe og tilbehør og hadde i tillegg fyr på bålpanna og sørga for nygrilla pølser til den som hadde lyst. 

Les heile saka

Ope i bakken heile påska – i dag er det bassengrenn

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. april 2026

Det nærmar seg sesongslutt i slalombakken, men det er enno godt skiføre i bakken og så er det halv pris på heiskort no i påska.  Kom og bli med på bassengrenn i bakken på påskeaften frå klokka 13:00 og utover.  Klikk deg inn på heimesida til Surnadal Alpinsenter og bli med på dagens store happening i «bassenget», for her blir det liv!  

 

 

 


Påskekrim 2026: Del 2

Guro Redalen Torsdag 2. april 2026

I del 1 av påskekrimmen fekk vi eit lite glimt av både fjørkunst, granbarchips og eit mystisk «plyst» frå Øyalia. Men ikkje la deg forføre av stilla mellom ekrene! For i dag er det Skjærtorsdag, og Todalen er like klar for dilt som for dramatikk. Set sansane på vibrering og ikkje stol for mykje på teknologien.

Les heile saka

Stinn brakke på påskequiz

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. april 2026

Todalen bøgdalag inviterte onsdag kveld til påskequiz i Todalen ungdomshus. Innpå åtti tok utfordringa og møtte fram for å vere med å konkurrere og møte andre til sosialt samvær.

Les heile saka

Skjærtorsdag: Gunnøydilten i Toåa tursti – blir du med?

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. april 2026

Gunnøydilten er ein god tradisjon som held på og blir godt innarbeidd.  I dag er det klart for ny runde med Todalen ILs trimgruppe som vertskap.  Det blir start i tidsrommet mellom kl. 12:00 og 15:00, og det er gode prognosar for vêret utover dagen sjølv om det er snø i lufta i morgontimane. 

Les heile saka

Siste oppdatering «Kjerringdilten» 26

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. april 2026

Som tidlegare annonsert, så inviterer skihyttestyret til «Kjerringdilten» 26 på skiytta fredag 3. april frå klokka 11:30. No på ettermiddagen onsdag, kan skihyttestyret melde at årets utgåve av «Kjerringdilten» vil bli arranngert som med «langrennsdåre» rundt skihytta/Ørsalmyra. Start klokka 13:00. 

Les heile saka

Hektisk påske på Talgø MøreTre

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. april 2026

I løpet av påska kjem den nye lagerhallen på plass mellom lasteplassen og den store lagerhallen som vart bygd for nokre år sia.  Den nye lagerhallen har strategiske mål på 40 x 80 meter, og blir altså på rundt rekna 3.200 m2.  To store kraner har dei siste par dagane jobba med å få opp og montere skjellettet til den nye hallen.

Les heile saka