Handelsmann Sondre introduserer dei to sommarvikarane som har starta på jobb på Matkroken Todalen dei siste dagane. Vi tykte det var på tide at Jorid fekk tid til litt ferie, og dermed vart det sommarjobb til Martine Redalen og Mathea Hoem som hadde spurt på sommarjobb på Matkroken. Mathea skal jobbe måndag og torsdag med vareinnfylling, medan Martine går inn i skiftorninga og vil jobbe med kassaarbeid, innfylling av varer og anna forefallande arbeid. Begge blir på Matkroken til uti august ein gong, fortel Sondre.
Les heile saka
Galleri Sand Nordmøre, som er lokalisert i den nedlagte skulebygninga til Todalen skule, held opa kunstutstilling frå torsdag til søndag denne veka – alle dagar i tidsrommet frå kl. 12 til kl. 15. På telefon på tur heimover gir han uttrykk for at det har vore veldig bra besøk i galleriet siste veke. Spesielt var det bra på laurdag og søndag, og Aune er imponert over kor mange som kjem langvegsfarande. Han opplever stadig at folk kjører 3-4 timar for å kome til Todalen for å sjå jubileumsutstillinga.
Les heile saka
I ei pressemelding måndag morgon informerer Alti Forvaltning at dei overtek ansvaret for drifta og forvaltninga av Metro Senter i Lørenskog. Metro Senter har fram til no vore eigd av Steen & Strøm AS og Storebrand Eiendomsfond Norge med ein halvpart kvar. Storebrand Eiendomsfond Norge blir no eineeigar av 60 000 kvadratmeter store senteret med 100 butikkar og spisestadar som vart opna i 1988. Samtidig overtek altså Alti Forvaltning ansvaret for drifta og forvaltninga av senteret.
Les heile saka
Det var nok mange som kjente at det var litt hustre og kaldt i går kveld, men skodde i fjella skjulte nok årsaka til litt kalde gufs. Måndag morgon fekk vi sjå nysnøen, der toppane i Grinaren, skjeringfjellet og Snøfjellet var innhylla i snø.
Les heile saka
Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og pappemballasje, plast og matavfall, for juli og august 2026 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for september og oktober 2026 blir lagt inn i kalenderen i slutten av august.
Les heile saka
Det er ikkje ofte at tema for dagens preken stemmer med tekst og motiv for dagens gudsteneste. Det gjorde det faktisk i dag, da det faktisk var apposteldagens som var tema. Apposteldagen er dagen da vi minnes dei første appostlande som led martyrdøden saman med Jesus.
Les heile saka
Laurdag deltok Ola Vikan (14) frå Nordvik i NM speedcross, som vart arrangert av Nord-Odal MX klubb på Sletholen i Nord-Odal kommune. Ola køyrer for Surnadal Motocrossklubb og deltok i klassen MX 85 13 – 15 år. Ola køyrer til vanleg motocross, og har heile vårsesongen køyrt veldig bra. Derfor fann han ut at han også ville prøve speedcross, og meldte seg like godt på NM speedcross, sjølv om dette er ein annan type køyring enn motocross, og noko han ikkje har har køyrt så ofte. Men valet om å melde seg på NM angrar han nok ikkje på i dag, når han no også kan titulera seg som norgesmeister!
Les heile saka
Det blir påstått at det står mykje laks utafor utløpet til Toåa og ventar på meir vatn. Laksefiskarane held på og blir utålmodige, for yr.no har meldt regn i fleire dagar, uten at det blir noko som monnar på vassføringa. Til no er det teke 3 laksar og 1 sjøaure på tilsaman 8 kg, som egentleg er eit katastrofalt resultat når vi er ein månad ut i sesongen.
Les heile saka
Vi trudde vi var klare til å kåre månadens bilete i juni. Då oppdaga vi at mai framleis sat urøysta att som eit einsleg bakels etter Todalsdagen. Hjelp oss å rette opp tabba!
Les heile saka
Viktig melding frå Nordvik Grendalag! Sommerfesta for vaksne laurdag 4. juli kokka 19:00 er flyttes frå Nistufjæra til Nils Håvard og Karin i Slettneset. Der blir det oppsatt partytelt, siden det er meldt dårlig vêr. Grendalaget ordner med litt snacks.
Les heile saka
Onsdag starta arbeidet med kantslått på kommunale vegar i Todalen, og det var jammen eit etterlengta syn som vi har venta lenge på. – Det var Rolf Ove Røv frå Teigan Maskin, som gjekk på denne viktige oppgåva med hjullastar med kantslåttagregat, og han gjorde «vei i vellinga» og fikk fram igjen vegkantane.
Les heile saka
Todalen båtforening minner om dugnad i båthamna på Kvennset torsdag 2. juli frå kl 18:00 og utover. Da fortsett arbeidet med montering av nye utriggar og skifting av dekke på bryggene. Ta med høveleg vertøy som batteridrill eller liknande.