Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok alternativ tur til Bøkeskogen i Stangvik

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. september 2026

Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal på tur til Slettfjellet, men vêrgudane hadde bestemt seg for å «stikke kjeppar i hjula» for den turen. Skodda låg tjukt over Slettafjellet, så dei 23 frammøtte fjellvandrarane vart einige om at Slettfjellet fekk vente til ein dag med betre vêr.

Les heile saka

Galleri Sand Nordmøre – opningstider for galleriet denne veka

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. september 2026

Aune Sand kan berette om bra besøk i galleriet i Todalen skule i helga – både langvegsfarande og lokale har nytta høvet til å stikke innom og besøke utstillingane som fyller heile den store skulebygninga med kunst.  Det meste av kunsten er det broren Vebjørn som har stått for, men det er også mykje av kunsten til kona Marianne Oulie og faren Øyvind Sand.  Galleriet vil og være ope for besøk i inneværande veke.

Les heile saka

Inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. september 2026

Todalen Sokneråd inviterer søndag 13. september klokka 11:00 til gudsteneste i Todalen kyrkje.  Denne søndagen er det utdeling av 6-års boka, 50- års konfirmantar og presentasjon av neste års konfirmantar. Kyrkja blir pynta i haustfarger denne søndagen. 

Les heile saka



Vegstikker – ei ny årstid er i kjømda

Jon Olav Ørsal Måndag 7. september 2026

At vi får brøytestikker på vegkantane er eit sikkert teikn på at ei ny årstid er like rundt hjørnet.  I første omgang er det nok hausten vi får mest føling med, men det er da heller ikkje så lenge før det blir vinter og bruk for brøytestikker.  

Les heile saka




NM-sølv til Ola Vikan

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 6. september 2026

Laurdag køyrde Ola Vikan (14) tredje og siste runde i årets NM i motocross på Starmoen Motorsenter ved Elverum. Her køyrde Ola inn til ein fin andreplass og sølvmedalje, bak Ivar Emilsen. Ola deltek i klassen MX 85 13 – 15 år, og han køyrer for Surnadal Motosportklubb. 

Les heile saka

Kløvertur til Haltbakkan

Dordi Jorunn Halle Sundag 6. september 2026

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 7. august. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl.11:00.

Les heile saka

Melshornløpet – Isak hausta NM-gull på Sunnmøre

Jon Olav Ørsal Sundag 6. september 2026

Laurdag deltok Isak Drøpping på på Melshornløpet på Volda og hausta gullmedalje NM i juniorklassen, medan han vart nest best toalt i Melshornløpet, berre slått av Per Cchr. Færøvik i klassen Senior herre, som hadde bestetid 39:02 – Isak kom i mål på 39:39 altså ein plass på 37 sekund.

Les heile saka