Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommarmagasinet – rett i postkassen din i dag

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juni 2026

I dag – eller ein av dei første dagane – finn du eit spenstig og friskt sommarmagasin med mykje godt stoff om det som skjer i Surnadal i sommar.  Magasinet et på 52 sider, og er signert Thons reklameavdeling i Surnadal.

Les heile saka

Ola Vikan med seier i Østlandscup

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 31. mai 2026

Laurdag deltok Ola Vikan (13) i første runde av Østlandscup på Haslemoen motocrossbane. Østlandscup er ein cup der det er blir køyrt fire løp på forskjellege banar på østlandet i løpet av sommaren og hausten. Den med høgst poengsum etter dei fire løpa blir meister. Ola gjorde sine saker særs godt, og vann båe heata sine på Haslemoen. Han leiar dermed Østlandscupen etter første løp. Neste løp i Østlandscupen går på Re utanfor Tønsberg helga 13. og 14. juni.  

Les heile saka

Kløvertur til Nauståfossen

Dordi Jorunn Halle Sundag 31. mai 2026

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 1. juni. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka


Natt til måndag startar laksefisket

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. mai 2026

Måndag startar ny sesong for laksefiske i Toåa – i år som i fjor går laksefisket frå 1. juni til 31. august, medan sesongen for sjøaurefisket går frå 15. juni til 31. juli – altså berre halve tida.  Det er strenge reglar for fiske i Toåa, med eit total fangstkvote på 30 avliva laks for sesongen. – Det er knytt stor spenning til innsiget av laks, fortel Andreas Brøndbo som er leiar i Todalen elveeigarlag.

Les heile saka

Ønsker seg fleire medlemmer

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. mai 2026

(Trollheimsporten.no) Surnadal Næringsforening inviterer onsdag 3. juni klokka 07:45 – 10:00 heile næringslivet i Surnadal kommune til næringsrik frukost på Frich’s Hotel Surnadal. – Dette blir en møteplass for inspirasjon, informasjon og dialog om viktige saker for utviklinga av næringslivet og lokalsamfunnet, seier leiar i Surnadal Næringsforening, Knut Haugen.

Les heile saka

Todalshytta – måndag er det sesongopning

Jon Olav Ørsal Fredag 29. mai 2026

Måndag er det klart for sesongopning på Todalshytta, der sesongen er koordinert med sesongen i Toåa.  Vi har bra med førehandsbooking i heile sommar, men det er nok laksefiskarane som dominerer den første tida etter opninga opninga. Sesongen på Todalshytta går frå 1. juni til og med 31. august, og vi har budd oss på at det blir ein travel sesong.

Les heile saka


Inviterer til siste pårørandekafe onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. mai 2026

Surnadal sanitetsforening, Surnadal demensforening og helselag, i samarbeid med Surnadal kommune inviterer onsdag 3. juni mellom klokka 18:00 – 20:00 til siste pårørendekafe i denne omgang. Pårørandekafeen denne gongen er i dei nye lokala til Surnadal frivilligsentral på kulturhuset.

Les heile saka


Open gardsbutikk hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 27. mai 2026

Fredag, 29. mai frå klokka 11:00 inviterer Lia gard til open gardsbutikk. Her får ein kjøpt fersk bakst til helga og mange andre produkt frå andre lokalmatprodusentar. Passer det ikkje å kome innom på fredag, så minner Lia gard om at dei har sjølvbetent gardsbutikk frå klokka 08:00 – 20:00 alle dagar.

Les heile saka