Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ole Ansgar Løvold og Ansgar Johan Jürgensen Løvold vann Surnadal Golf Maraton

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 29. juni 2026

Laurdag frå klokka 07:00 og fram til bortimot midnatt, vart den sjette utgåva av Surnadal Golf Maraton arrangert på Surnadal golfpark på Mo. Vêret var betre enn vêrmeldingane, så det var ein fin dag på Surnadal golfpark med fine speleforhold i Surnadal Golfklubb sin populære maraton. Ole Ansgar Løvold frå Tingvoll Golfklubb og Ansgar Johan Jürgensen Løvold frå Kristiansund og omegn Golfklubb sto øvst på pallen etter dei tre rundane. 

Les heile saka

Høyring i samband med fastsetting av grensa mellom elv og sjø for elva Toåa

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 29. juni 2026

Surnadal kommune legg no forslag til fastsetting av grensa mellom elv og sjø for elva Toåa ut på offentleg høyring. Bakgrunnen for dette er behovet for å avklare kva fiskereglar som gjeld i området. Det er kome inn to ulike forslag til grensedraging frå grunneigarar, og kommunen ønsker innspel før det blir fatta endeleg vedtak.

Les heile saka

Oppfordrar kundane sine til å bli «trollforskarar»

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 29. juni 2026

I Rindal finn ein Home of the Trolls, noko som er noko så unikt som verdas einaste forskningsstasjon på troll. No får Svorka sine straumkundar høve til å prøve seg som trollforskarar til rabattert pris, gjennom eit samarbeid mellom Svorka og Home of the Trolls. Dette blir vi informert om i ei pressemelding frå Svorka no på måndag morgon. Pressemeldinga kan ein lese nedanfor. 

Les heile saka

Ola Vikan suveren i Skaun

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 29. juni 2026

Ola Vikan (14) deltok søndag, i det andre løpet av fire, i Midt-Norsk Mesterskap i motocross. Det var MK Trondhjem som stod som arrangør på Skaun Motorsenter i Eggkleiva i Skaun kommune. Ola køyrer for Surnadal Motosportklubb og er tittelforsvarar i klassen MX 85 13 – 15 år, sidan han vart Midt-Norsk mester i klassen i 2025. 

Les heile saka


Todalsdagen 2026 vart ein suksess

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 27. juni 2026

Laurdag arrangerte Todalen Idrettslag den tretti fjerde utgåva av Todalsdagen, som såg dagens lys i 1993. 33 fotballag i aldersgruppa j/G 6 til J/G 10 spela fotball på fire banar frå klokka 09:30 til 14:45, og alle såg ut til å storkose seg i det fine vêret. Alle spelarane fekk ein turkopp som premie og synleg bevis på at dei hadde vore med på TodalsCupen. I tillegg fekk alle 6 og 7 åringane pokal. 

Les heile saka

Lars Bakken Røen vart kjappast i Ræta Opp

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. juni 2026

Lars Bakken Røen var i tet frå start til mål – i herreklassen passerte han målsnora på 11.50 og kom i mål 4 fattige sekund før Berit Mogstad som kom i mål på 11:54 og vart dermed best i kvinneklassen.  Emil Ansnes hadde nest beste tid i herreklassen og kom i mål på 12:19 som var 29 sekund etter og på 3.plass kom Per Egil Heggset 36 sekund etter. 

Les heile saka

Kjempesuksess for «pizzapub» i ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 27. juni 2026

Fredag kveld inviterte Todalen Idrettslag til «pizzapub» med gruppefinale mellom Norge og Frankrike på storskjerm i Todalen ungdomshus. Og responsen var stor, og rundt nitti personar møtte opp for å få med seg Knut Bergli og Jon Olav Roaldset sin fenomenalt gode pizza, forfriskningar frå baren og god fotballstemning, sjølv om Norge tidleg kom under og til slutt tapte 1 – 4.  

Les heile saka

Kampprogrammet for TodalsCupen 2026 er klart

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. juni 2026

Laurdag inviterer Todalen Idrettslag til årets Todalsdag, med TodalsCupen i fotball, Mini Ræta og Ræta opp!. Det heile tek til klokka 09:30 og varer til litt ut på ettermiddagen. Det blir sjølvsagt open kiosk og sal av grillmat. Det vil også bli sal av lodd i det store sommarlotteriet, som har trekking under Todalsdagen. 

Les heile saka

Busstur til Kristiansund

Dordi Jorunn Halle Fredag 26. juni 2026

Todalen historielag og Stangvik historielag arrangerte tur til Kristiansund torsdag 25. juni. Turen gikk til Normoria kulturhus og klippfiskbrygger.

Les heile saka

Todalen Idrettslag takkar sine sponsorar

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. juni 2026

I samband med Todalsdagen 2026, som blir arrangert på Bordholmen stadion laurdag 27. juni frå klokka 09:30, ønsker Todalen Idrettslag å takke alle sponsorane som er med og sponsar Todalsdagen 2026. Utan sponsorane hadde det ikkje vore mogleg å arrangere Todalsdagen.  

Les heile saka