Jula nærmar seg med stormskritt, men det er enno tid til å kome til Todalshytta og smake julematen før vi startar på julefeiringa. Fredag kveld 12. desember frå klokka 17 og utover til 20:00 diskar kjøkkenet opp med alt dei har av julemat, og inviterer både bygdefolket og andre gjestar til årets første julebuffè.
Les heile saka
Julepremierane er ikkje pakka opp, og medan ein ventar på dei, så går det mest i gjenbruk på Surnadal kino. Ein får rett nok sjansen til å få med seg gode norske juleprestasjonar på kinoen denne veka, men det er likevel mange grunnar til å ta turen til kinoen også denne veka.
Les heile saka
I dag er det 2. søndag i advent, og vi er på plass med trekning for dag 7 på Adventskalenderen. Da må det høve bra at det er 3 hekla englar som er første gevinst i dagens trekning. Den heldige vinnaren er Torkjel Ansnes Moe. Bla om så får du sjå kven som er dei tre andre vinnarane i dagens trekning:
Les heile saka
Hammerstuene var vertskap da SpareBank 1 SMN og Surnadal næringsforening inviterte til julelunsj på Hammerstuene på Surnadalsøra fredag. I tillegg til julelunsjen var det presentasjon av SpareBank 1 SMN sitt konjunkturbarometer og fleire interessante presentasjoner av lokale bedrifter.
Les heile saka
Ny trekning i TILs Julekalender for laurdag 6. desember og ein ny dag med 4 nye gevinstar som skal fordelast mellom ivrige loddkjøparar rundt omkring i Noregs land. Dagens første gevinst er ei flott toalettmappe som vart trekt ut til Marie Ness som altså er busett i Molde.
Les heile saka
Onsdag 10. desember klokka 12:00 får Surnadal bibliotek besøk av Norges litterære samlivsterapeut, Helga Flatland. I samtale med Mikkel Bugge inviterer ho til ein litterær terapitime om om ein av haustens store «snakkiser», romanen «Så gjør vi så». Romanen har vore i toppen av bestselgarlistene i fleire månader og fått gode kritikkar.
Les heile saka
Det på tide å røyste fram det beste bilete i november. Så ta deg pause fra takvask, dompapmating og sylterulling for å avgi stemme.
Les heile saka
S-Nett minner om strømutkobling på strekninga Svinvika til Kårvatn. Det er planlagt reparasjonsarbeid som er årsak til strømutkoblinga som varer fra kl 10 og utover dagen til kl 15:00. S-nett jobber med å reparere skadene etter stormen Amy som gjorde stor skade på strømnettet. Dersom du har behov for å lade telefon eller anna utstyr så er det muligheter for slikt på Matkroken Todalen, der dei kjøreer diselagregat til strømforsyning.
Les heile saka
Da har vi trekninga klar for fredag 5. desember – ein ny dag med 4 gevinstar, og vinnarane som er godt spredd. Vi går beint på sak og kårar den første vinnaren i dag, som er Magnar Vikan, som er vinnar av ei flott julestjerne i MøreRoyal og som er flott pynta med lyslenke. Bla om så finn du dei tre neste vinnarane:
Les heile saka
I ei pressemelding frå ordførar i Surnadal kommune, Hugo Pedersen, no på tidleg ettermiddag får vi gladnyheita om at Møre og Romsdal fylkeskommune har fått statlege midlar til breibandutbygging og at Surnadal kommune har fått over 3,6 millionar til utbygging av breiband i Settemsdalen, Østbødalen og Todalen.
Les heile saka
Surnadal formannskap vedtok i sitt møte onsdag å legge ut innstillinga si til økonomi- og handlingsplan for perioden 2026 – 2029 på høyring. Høyringa vil ligge ute i perioden onsdag 3. desember – onsdag 17. desember klokka 16.00. Økonomi- og handlingsplan for perioden 2026 – 2029 blir behandla i Surnaadal kommunestyre torsdag 18. desember.
Les heile saka
Her er vi med ny runde med trekning av 4 nye gevinstar som skal fordelast etter dagens dyst. Som vi har omtalt tidlegare så er det over 100 gevinstar som skal fordelast på loddkjøparane for rundt firehundre og tretti julekalendrar som er selt rundt heile landet. Stor spenning kvar dag fram til jul – blaom og les:
Les heile saka