Det er tredje året at Todalen elveeigarlag arrangerer rekrutteeringskveld i elva – eit arrangement som først og fremst er beregna på born og ungdom – der også eldre kan være med og «kaste glans» over arrangementet. Eit trettitals personar i alle aldre var samla ved gapahuken i Båthølen, det svartkjelen kom på bålet og sørga for ekte bålkaffe til nylaga sjokoladekaker til deltakarane.
Les heile saka
Laurdag 15. august frå klokka 17:00 og utover kvelden, i samband med Trollheimen Ultra, vil Todalen Idrettslag ha open kiosk på Bordholmen stadion. Trollheimen Ultra har som kjent start og målgang på Bordholmen stadion, og arrangøren reknar med at dei raskaste løparane på dei 100 kilometrane vil kome i mål rundt klokka 18:00 laurdag ettermiddag.
Les heile saka
Surnadal kommune har dei siste dagane motteke fleire spørsmål og bekymringar knytte til det nye bussopplegget på Indre Nordmøre. Kommunen har hatt dialog med FRAM og Møre og Romsdal fylkeskommune om saka.
Les heile saka
Laurdag 22. august frå klokka 09:00 inviterer Idrettslaget Søya til årets utgåva av sin populære fotballcup på Søyabanen. Søyacupen er den største eindagarscupen på Indre Nordmøre, og samlar rundt åtti fotballag kvart år.
Les heile saka
Utfordringar med store elvar og restriksjonar for løping i naturreservatet i Svartåmoen, må Trollheimen fjellsportklubb endre traseen for Trollheimen Ultra 100 som arrangerast laurdag 15. august. Halvor Drøpping som er leiar for arrangementet fortel at arrangøren derfor har gjort eit val om å snu heilse løpet, men fremdeles med start på Bordholmen i Todalen. Løpet vi no gå opp Øyalia og vidare via Midtryggen og gjennom Bjøråskaret til Renndølsetra/Innerdalen.
Les heile saka
Lesarane har talt: Julikveld på Kvennsetørå av Ingri Bruset er kåra til månadens bilete for juli. Vi gratulerer Ingri med ein velfortent siger!
Les heile saka
I samband med Trollheimen Fjellsportklubb sitt Trollheimen Ultra, som blir arrangert i helga, har arrangøren no sett opp løypeflagg, som markerer løypetraseen rundt om i Todalen og opp til Tjønnmyran.
Les heile saka
Todalen Elveeigarlag i samarbeid med Todalen Idrettslag, inviterer torsdag 13. august klokka 17:30 til ein ny rekrutteringsdag i elvefiske for barn og ungdom i alle aldrar. – Rekrutteringsdagen blir også i år i Båthølen, da dette er ein kjempefin plass for dei aktivitetane vi skal ha denne kvelden, seier styremedlem i Todalen Elveeigarlag, Nina Heimlund.
Les heile saka
Har du lyst til å bli med på korsong? – Da er kanskje det nye Helsekoret midt i blinken for deg. Å synge i kor er veldig sosialt og vi legg ikkje lista høgare enn at alle kan bli med.
Korsong er ei positiv oppleving og for betre helse gjennom at du får oppleve trivsel i lag med nye venner.
Les heile saka
Tysdag var det offisiell overlevering av ein ny løftestol frå Surnadal denensforening og helselag, til Heimesjukepleia i Surnadal. Ein slik løftestol har lenge stått på ønskelista, men så langt har det ikkje vore plass på budsjettet – prisen for ein slik løftestol er i overkant av 60.000, og det er rekna som naudsynt uttyr som sponsorane ikkje vil være med å bidra til, fortel Lilly Gunn Nyheim som er nestleiar i demensforeninga.
Les heile saka
Neste veke er det skulestart, og dermed er det behov for å sette fokus på at skulevegen skal være trygg for alle. Ikkje minst kjem det ein ny årgang med førsteklassingar som er uvant til å ferdast i områder med mykje trafikk og hektisk aktivitet. Ordførar Hugo Pedersen er oppteken av at skulevegen skal være trygg for alle, og dreg no igang ei haldningsskapane kampanje for å auke trafikksikkerheita.
Les heile saka
Det er Trollheimen fjellsportklubb som er arrangør når startskotet går kl 6:00 komande laurdag. Da legg 65 løparar ut på ein rundtur i Trollheimen som måler 100 kilometer, eller om du heller vil på 10 mil. Det er start på Bordholmen og så går løypa via Toåa tursti og etter vegen oppover til Kårvatn før løparane stikk til fjells.Til saman har løypa 3700 høgdemeter og er utruleg krevjande.
Les heile saka