Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sette straum og forsyningstryggleik til Todalen på agendaen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 8. oktober 2026

Tysdag sist vrke tok Svorka initiativet til eit møte med næringslivet og frivilligheita i Todalen, der «Forsyningssikkerhet på strøm og internett» sto på agendaen. Med på møtet var også OK Partners, som har spesialisert seg på akkurat det å finne løysningar på akkurat det Todalen opplevde under Amy i fjor haust, at bygda var utan straum, internett og mobildekning over ein lengre periode.  

Les heile saka

Dalavegen blir nattstengt i neste veke

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. oktober 2026

I samband med gravearbeidet for legging av breiband fram til Kårvatn vil det neste veke bli nødvendig å stenge Dalavegen kvar natt frå søndag 11. oktober til om med natt til fredag 16. oktober – kvar natt i tidsrommet kl 22:00 til kl 07:00 neste dag.  Vegen blir stengt i området frå Sandbakkan og fram til Ugelstadsvingan (Ytter brua). Utrykningskjørty og anna viktig transport kan passere.  Svorka ber om at det blir vist hensyn til at det pågår gravearbeid langs Dalavegen utover hausten.  



Inviterer til markering av Verdensdagen for prykisk helse

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 6. oktober 2026

Fredag 9. oktober klokka 10:00 – 12:00 inviterer Psykisk helse- og rustenesta i Surnadal kommune, Surnadal frivilligsentral og Surnadal sanitetsforening. til lokal markering av Verdensdagen for psykisk helse i lokala til frivilligsentralen på Surnadal kulturhus.

Les heile saka



Jakthelg på det jamne

Jon Olav Ørsal Sundag 4. oktober 2026

Vi er no godt inne i jakttida for både storvilt og småvilt.  Denne helga skriv seg inn i historia som ei jakthelg med lite resultat, og det er gjengs for alle jaktlaga er det er få uttellingar på dyr.  Det er felt nokre dyr på Kårvatn og Talgø, medan det er heller lite resultat nedafor Falla. 

Les heile saka

Høgt og lågt på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 4. oktober 2026

Det er lang avstand mellom den sjølvdestruktive drosjesjåføren på gateplan i New York til den norske fjellklatraren på toppen av Mount Everest. Nådelaust er det uansett, men på kvar sin måte.

Les heile saka


Triveleg strikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Laurdag 3. oktober 2026

Første laurdagen i oktober inviterte Sanitetsforeninga til strikkekaffe. Det vart ei triveleg ettermiddagsstund i Sanitetshuset.

Les heile saka

182.436 kroner til demensforsking frå Surnadal

Jon Olav Ørsal Fredag 2. oktober 2026

No er det endelege resultatet frå demensveka klart – 182.436 kroner vart sluttsummen frå Surnadal, og denne summen er overført til Nasjonalforeninga for folkehelsa til forsking på barnedemens. Liv Botten, som er leiar i Surnadal demensforening og helselag nyttar høvet til å takke alle som har bidrege – først og fremst den enkelte givar, men også alle bøsseberarar.

Les heile saka

Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Fredag 2. oktober 2026

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 3. oktober  i tidsrommet frå 13:00 til ca. 15:30. Alle er velkomne med eller utan handarbeid!

Les heile saka