Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvik Historielag

Styret/ tillitsvalde i Stangvik Historielag 2024

Leiar:                          Einar Grønnes
Nestleiar:                   Marit Haugen
Kasserar:                   Lars Gudmund Røen
Sekretær:                   Erling Myrbostad
Styremedlem:           Rolf Smisetfoss
Varamedlemmer:     Anny Haugen og Torbjørn Polden
Revisorar: Oddvar Kvande og Anders Nordvik
Tilsyn Steinløa: Bjarne Holten og Sverre Ranes
Valkomite: Solvor Røen (leiar), Ivar Melkild, Per Haugen

Skriftstyre:
Marit Haugen
Torbjørn Polden
Lars Steinar Ansnes
Berit Anne Røkkum
 

Først publisert: 1. mai 2013, 23:47 - Sist oppdatert: 1. mars 2024, 15:42

Nyheter knytta til Stangvik Historielag

Årsmøte med innslag om «Gullkongen» og amerikabreva

Jon Olav Ørsal Fredag 1. mars 2024

Torsdag kveld var det tid for oppsummering av gammelåret i Stangvik historielag. Det har vore bra aktivitet gjennom 2023, og møteleiar Einar Grønnes losa oss greit og effektivt gjennom årsmøtesakene som stod på agendaen. Både årsmelding og årsrekneskap var gjennomgått og vart kort og godt einstemmig vedteke utan nokon form for debatt og knappast ein einaste kommentar.


Triveleg fintenkjarkveld i Myrvang

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. desember 2023

Det må da vel være bra å samle eit 70-tals personar til Stangvik historielags fintenkjarkveld i Myrvang på ein vanleg tysdagskveld.  Hovedformålet med arrangementet var nok at Lars Steinar Ansnes skulle presentere si nye bok «Fintekjarplassen» på heimebane i tilleg til at historielagets ny årsskrift, nr 17 i rekkja er lagt ut for sal i disse dager.


Stangvik historielag med nytt årsskrift

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 2. desember 2023

Stangvik historielag sitt årsskrift for 2023 er no ferdig, og blir i desse dagar sendt ut til laget sine medlemmer. Årsskriftet vil også vere å få kjøpt, mellom anna på Matkroken Todalen. Årsskriftet kan også kjøpast direkte frå historielaget ved å kontakte Einar Grønnes på telefon 918 94 944 eller Marit Haugen på telefon 480 49 218. 


Fintenkjarkveld med nogo attåt i Myrvang

Jon Olav Ørsal Måndag 27. november 2023

Tysdag 5. desember kl. 19 inviterar Stangvik Historielag til fintenkjarkveld i Myrvang. Her skal den ferske boka til Lars Steinar Ansnes, «Tankar og tekster frå Fintenkjarplassen», presenterast. I tillegg blir det ein del anna triveleg program.


Museumskveld: Interessant og lærerik seterhistorie

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. oktober 2023

Onsdag kveld inviterte Stangvik historielag og Nordmørsmusea avd. Surnadal til temakveld med seterhistorie på plakaten.  Erling Myrbostad og Lars Gudmund Røen frå Stangvik historielag avslørte ein imponerande kunnskap om seterlivet, byggeskikkar og praktiske løysingar som gjorde at seterstølane var plassert slik dei var.


Årnesdagen 2023

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. august 2023

Turgruppa i Gamle Stangvik, i samarbeid med Stangvik Historielag, inviterer laurdag 2. september klokka 11:00 til den tradisjonelle «Årnesdagen».


31. juli – det er gått 10 år sia raset gjekk

Jon Olav Ørsal Måndag 31. juli 2023

På denne datoen i 2013 gjekk det store raset uti Stranda. Det tok med seg både straumnettet, vegen og mykje skog  – og dermed var bygda totalt isolert frå omverda nokre dagar. Dette gjorde at utfordringane stod i kø – vi som var «innestengt» måtte finne nye løysingar og improvisere på mange felt.


Alt klart til historielaga sin busstur

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 4. juli 2023

Alt er no klart til Stangvik historielag og Todalen historielag sin busstur laurdag 8. juli. Turen i år går til Bud i Romsdalen. Her blir det omvising på Kystfortet og guiden vår vil fortelje oss litt ekstra «Bud-historie».


Fann 5000 år gammel reiskap ved Toåa tursti

Jon Olav Ørsal Sundag 30. april 2023

Siv Halle var ut på trimtur i Toåa tursti da ho gjorde eit interessant funn sist fredag.  Ho tok ein pause ved gapahuken i Gunnøya som ligg like ved turstien som går frå Halsabrua og oppover til Bønnavollan like ved kyrkja.  Ho brukar å finne nokre steinar på elvaøra framfor gapahuken som ho legg på pyramiden som ligg der.  Da oppdaga ho at ein av steinane var litt spesiell, og likna på ein pilspiss eller spydspiss – og var heilt tydeleg menneskeskap og forseggjort. 


Bli med Stangvik historielag og Todalen historielag på busstur til Bud

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. mars 2023

Stangvik historielag og Todalen historielag har no i fleire år hatt samarbeid om å arrangere busstur til ein eller annan plass der dei kan sjå og høyre om lokal historie. I fjor gjekk turen til Rindal der hovud- posten var besøk på ski museet.


Årsmøte i Stangvik historielag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. mars 2023

Stangvik historielag gjennomførte årsmøtet sitt på Hammerstuene i går kveld. Leiar i historielaget, Einar Grønnes, kunne ønske rundt tjue medlemmer velkomne til årsmøtet. Årsmelding, Rekneskap og budsjett vart i tur og orden samrøystes vedteke. Siste sak på årsmøtet var val. Valkomiteen sin leiar, Magne Hansen, hadde teke kontakt med alle tillitsvalte som var på val for 2023, og alle tok attval, så valet vart fort unnagjort.  


Stangvik Historielag med nytt årsskrift

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. november 2022

Stangvik Historielag er ute med sitt årsskrift for 2022. Dette er det sekstande årsskriftet i rekka. Redaksjonen har denne gongen bestått av Marit Haugen, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes.