Styret Todalen historielag 2026:
Leiar: John Moe
Nestleiar: Ragnar Halle
Kasserar: Sven Olav Svinvik
Sekretær: Inger Johanne Iversen
Styremedlem: Britt Mossing
Varamedlem: Knut Halset
Varamedlem: Tove Talgø Brøndbo
Revisorar: Kristen Bruset og Frode Grønmyr
Valnemnd: Kristian H. Gjeldnes og Ola Bruset
Nyheter knytta til Todalen historielag
Busstur til Kristiansund
Todalen historielag og Stangvik historielag arrangerte tur til Kristiansund torsdag 25. juni. Turen gikk til Normoria kulturhus og klippfiskbrygger.
Kom på besøk over Todalsfjorden
Torsdag kom det ein gjeng Ålvundeidingar og Ålvundfjordingar på besøk til Todalen og Gammelfabrikken. Dei kalla seg Diakoniet, og hadde med seg underhaldninga sjølve, nemleg Tora Valset som er barnebarn etter Thora Talgø. Thora Valset (86) er nemleg eitt av tre barnebarn som er att etter Thora Talgø, og i dag var ho med for å fortelje om bestemora som var med på oppbygginga av møbelfabrikken ved fossen, og bygging av kraftverket som faktisk var eit av dei første i Møre og Romsdal.
Historielaget byr på busstur til Kristiansund
Torsdag 25. juni byr Todalen historielag i lag med Stangvik historielag på busstur til Kristiansund. Dei to historielaga har aliert seg med Nordmørsmusea, som har lagt opp eit interessant program under opphaldet i Kristiansund.
Roseslottet -«skapt i kjærlighet til demokratiet»
I 2020 var det 80 år sidan Norge vart angripe i 1940, og 75 år sidan frigjeringa i mai 1945. For å markere dette vart kunstinstallasjonen Roseslottet sett opp ved Frognerseteren ved inngangen til Nordmarka i Oslo av brørne Vebjørn og Eimund Sand – eit pedagogisk prosjekt for å fortelje om okkupasjonen av Norge.
Attval over heile fjøla i historielaget
Tysdag kveld hadde styret i Todalen historielag kalla inn sine medlemmer til årsmøte. Litt over tjue medlemmer møtte opp for å delta på årsmøtet. Innkalling, sakliste vart samrøystes godkjent. John Moe vart valt til ordstyrar og Inger Johanne Iversen til skrivar. Jon Bruset og Wenche Ø. Kvendset vart valt til å underskrive årsmøteprotokollen.
Målprisen 2025 til Eigunn Stav Sætre
Nordmøre Mållag arrangerte årsmøte laurdag 14. mars på Surnadalsøra. Her vart Eigunn Stav Sætre tildelt målprisen for 2025.
Årsmøte i Surnadal Heimbygdlag
Eivind Hasle takka av som styremdlem og skrivar i Surnadal Heimbygdlag på årsmøtet måndag 23. februar. Han fekk stor takk, ros og velfortente blomster for innsatsen gjennom mange år!
Todalen historielag kallar inn til årsmøte
Styret i Todalen historielag kallar inn sine medlemmer til årsmøte tysdag 24. mars klokka 18:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker.
I dag: Tradisjonell ettermiddagskaffe med interessant meierihistorie
Søndag 1. februar kl 15:00 inviterer Todalen historielag til tradisjonell ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Denne dagen er det meierihistorie som står på agendaen, og Einar Oterholm kjem for å halde foredrag om dei to gamle meieria som har ei rik historie.
«En juleferd i 1887»
På tidleg ettermiddag i dag tikka det inn ein epost frå Johnny Nonsens Myklegard og Anita Ugedal. Dei to driv podcasten Bonussporet. Dei fortel at det i dag er sesongfinale, og at dei idag fortel vi ei reell julehistorie frå 1887, hentå frå Endre Jerpstads samtidskjelder, gjengjeva i moderne språkdrakt, men med stor respekt for tid, tone og detaljer. Historia følger ei jule- og romjulsreise med hest og slede, frå Å i Meldal, gjennom Rindalen, og videre til Todalen, der heile romjula skulle feirast.
Flott 150-årsjubileum for storspelemann Halvor Ørsal
Laurdag kveld inviterte Todalen historielag etterkommarar og bygdefolket til 150-årsjubileum for storspelemannen Halvor Ørsal, eller aller best kjent som Hallvard Ørsal. Han var fødd 22. desember i 1875 på Nertrøå i Ørsalbukta like ved elva Haukåa.
Stor aktivitet i helga – både jubileum og Thaibuffe
Denne helga er det mykje som skjer – Todalshytta minner om Thaiaften som startar kl 17:00, med servering utover kvelden til kl 20:00. I Todalen ungdomshus er det jubileum for storspellmannen Halvor Ørsals jubileum for 150 år sia.
