Styret Todalen historielag 2026:
Leiar: John Moe
Nestleiar: Ragnar Halle
Kasserar: Sven Olav Svinvik
Sekretær: Inger Johanne Iversen
Styremedlem: Britt Mossing
Varamedlem: Knut Halset
Varamedlem: Tove Talgø Brøndbo
Revisorar: Kristen Bruset og Frode Grønmyr
Valnemnd: Kristian H. Gjeldnes og Ola Bruset
Nyheter knytta til Todalen historielag
Stor interesse for lokalhistorie – over 70 på bokslepp
Todalen historielag opplever at det er stor inteeresse for lokalhistoria. Søndag hadde historielaget bokslepp, og trekte nærast fullt hus til ungdomshuset for å bli presentert for det nye årsskriftet for 2025 og for å høryre Torbjørn Brøske som kom for å kåsere om oppveksten i Stangvika.
Historielaget – søndag er det tid for bokslepp
Todalen historielag er godt i rute med årsskriftet for 2025, og inviterer på bokslepp i Todalen ungdomshus søndag 9. november kl 15:00. Årets hefte har 84 sider med mykje godt og variert stoff, som er presentert på ein fin måte. Leiar John Moe tykkjer det er bra at dei har klart å rekruttere ein ungdommeleg redaktør, som fekk Endre Talgø på trua til å ta jobben.
Du mitt Nordmøre 2025
Pressemelding Du mitt Nordmøre 2025
Det er jubileumsår for Du mitt Nordmøre i 2025. Den første utgåva kom ut i 1966, med Erling Skjølberg i spissen for ei gruppe eldsjeler. Det som i starten var eit hefte på 56 sider, har vist seg livskraftig og med åra vorte til ei heil bok som finst i mange hyller rundt om på Nordmøre.
150-årsmarkering av at storspelmann Halvor O. Ørsal vart fødd
Todalen historielag inviterer laurdag 4. oktober klokka 18:00 alle til Todalen ungdomshus for å markere at det i år er 150 år sidan Halvor O. Ørsal vart fødd. Halvor vart fødd den 22. desember i 1875. På Wikipedia står det at han vart fødd i 1876, men historielaget har sjekka kyrkjebøkene, og her står det at han var fødd i 1875, så da er nok det rett.
Interessant og lærerik historielagstur
Torsdag inviterte Stangvik Historielag og Todalen historielag sine medlemmer og andre til busstur til Oppdal. Målet for turen var Oppdalsmuseet og Gravfeltet på Vang i Oppdal sentrum. Turen starta frå Matkroken med påstigning under vegs. Øystein Moe var som vanleg engasjert som sjåfør for historielaga.
Kan nokon hjelpe?
Todalen historielag har fått eit bilete av Sven Olav Svinvik, som far hans Bjarne Svinvik har teke. Historielaget lurer no på kva dette kan vera? Så dei håper nokon kan fortelje kva det er som går føre seg her. Kan du hjelpe? Da tek du i så fall kontakt med historielaget på e-post todalenhistorielag@outlook.com eller […]
Historisk vandring – Øygarden rundt med kjentfolk
Todalen historielag inviterte laurdag på historisk vandring rundt på Øygarden på Nordvik. Rundturen får liksom ein heilt anna dimensjon når du får med kjentfolk som kan fortel om historia til både staden og folket. Med på denne turen var det fleire kjentfolk – vi kan nemne Sven Olav Svinvik, Rannveig Brøske, Anna Ingeborg Nordvik og Unni Tørset – og fleire til.
Inviterer til kulturvandring på Nordvik
Nordvik Grendalag og Todalen historielag inviterer til kulturvandring på Nordvik laurdag 14. juni klokka 12:00. Sven Olav Svinvik, Rannveig Brøske og Anna Ingeborg Nordvik med fleire, vil vere lokale guidar.
Historielaga inviterer til busstur
Stangvik Historielag og Todalen historielag inviterer til årets busstur torsdag 26. juni. Årets tur går til Oppdal, der det blir omvisning på bygdemuseet og på Vangfeltet (Viking-gravene).
Tilbake til røtene i Talgøtrøa
Dei siste dagane har familien Shade frå Michigan vore på gamle tomter i Todalen. Med Todalshytta som base og Ragnar Halle som kjentmann og omvisar har dei vore rundt og gjort seg kjent i Todalen. Mellom anna har dei vore innom Talgøtrøa, som er staden som Talgøyfamilien tok avskjed med da dei flytta til Eide. Bestefaren til Gregory, var fødd i 1877 i TalgøTrøa, og reiste vidare frå Eide til Michiganområdet i 1903 – da var han 26 år gamal.
Markerte Frigjerings- og veterandagen i gråvêret
Torsdag 8. mai vart Frigjerings- og veterandagen markert i Surnadal kommune og resten av landet. I år er det 80 år sidan dei tyske militære styrkane kapitulerte fullstendig, og andre verdskrig var slutt i Europa. Vêret var grått, men det var opphaldsvêr under sjølve markeringa.
Markering av Frigjerings- og veterandagen i Todalen
Torsdag 8. mai er det 80 år sidan alle tyske millitære styrkar kapitulerte og la ned våpena, og den andre verdenskrig var slutt i Europa. Dei tre historielaga i kommunen, Nordmøre Forsvarsforening og Surnadal kommunen har gjennom eit samarbeid laga eit fint program for årets markeringar av Frigjerings- og veterandagen ved kyrkjene i Åsskard, Stangvik og Todalen. I Todalen er markeringa klokka 20:00 ved bautaen utanfor kyrkja, og arrangørane oppfordrar folk til å møte opp for å vere med på markeringa.
