Stangvik historielag inviterte til tur etter Kavlvegen laurdag 24. august. Heile 35 personar var med på vandringa frå Åsen etter Kavlvegen og opp til kvilebua ved Lomtjønna. Oddvar Kvande og Erling Myrbostad var dyktige og engasjerte historieforteljarar.
Turen starta ved Åsen bygdemuseum, meir presist i Skitvasskroken; eit merkeleg namn. Der orienterte Oddvar om opplegget og Åsen. Første stans var ved Svortmyrbekken, her var det tidlegare lysløype, og det vart starta opp med turrenn på 1970-talet. Oddvar herma etter trenaren: «Kjem di i form te starrinj kjem, må di varra fornøgd!»
Det er mange «vegkryss» i Kavlvegen, men «Alle vegar fører til Rom» – altså til Kvilebua ved Lomtjønna. Det er mange små vatn oppå Eia, og «stetfiske» var ein populær aktivitet for ungane.
Ved turruta kunne ein sjå blå merke – det er ikkje merka for tursti, men merke for å markere kor vassleidninga går. Tidlegare var det skytebane her, i dag er skytebanen på Angråmyra, og der var det nok i dag trening før jaktsesongen startar.
Erling og Oddvar fortalde om leik og aktivitet frå 1950/60-talet. Det er mange små vatn oppå myrane på Eidet – der var det eit eldorado for leik heile året. Dei segla med båtar på vatna vår og sommar, og om vinteren var det skeisrenning. Ja, ungane rennte til og med på skeiser etter allmannvegen! Da vart nok ikkje vegen strødd eller salta, og trafikken liten. Men myrhola/søkkejedika kan vere skumle. Søstrene til Norunn Holten var nær ved å drukne i eit myrhol, ei av dei gjekk heilt under før ho vart berga. Til og med ei gravemaskin var nær på å forsvinne i myra. Oppå Eia hadde dei ikkje garasjar, men bilhus! Det var eit nytt ord for underteikna.
Idrettslaget «Framtid» hadde langrennsdårer oppå Eia. Karane fortalde og om fleire hoppbakkar, mellom anna Galtmettbakken. Erling braut foten alt som 5-åring ved hopping i Galtmettbakken. Oppå Galtmettet møttest to kavlvegar. Det er spor etter kavlveg på vestsida av vegen over Eidet, også.
Frå Åsen til Galtmettet var det berre villmark med eit par høyløer og slåttateiger fram til ca. 1920 da dei første bureisingsbruka vart bygde, og bygda voks fram frå 1930-talet.
Det var ikkje alltid lett å halde vegen over Eidet open vinters tid; det var ofte snørike vintrar. I februar eit år kom det kjøle mykje snø på kort tid, snødjupna var 2,15 meter på flat mark. Om våren laga teleløysing problem; – bilar, bussar og lastebilar vart ståande fast.
Bekken «Grytå» startar opp Eidet og renn ut i Surna mellom Butikksenteret og Vassenden, altså gjennom byggefeltet «Grytå».
Oddvar Kvande og Erling Myrbostad fortalde lett og levande om livet på Eia i dialogform! Dei var eit godt to-spann med stor kunnskap om lokalhistoria.