Søndag 29. november klokka 15:00 inviterer Koret Prosjekt 17 til julekonsert i Todalen kyrkje, medan dei klokka 19:30 held same konsert i Åsskard kyrkje.
– Koret Prosjekt 17 oppfordrar todalingar og naboar til å bli med, syng og hør juletonar 29. november!
– Første søndag i advent er ein fin dag til å stemme sinn og tankar inn mot høgtida som er i vente.
– Kor og musikarar byr på både kjent og litt ny julemusikk. Og – ikkje minst: Dei oppfordrar forsamlinga til å delta i kjære allsongar – noko Todalen er berømt for!, heiter det i invitasjonen frå Koret Prosjekt 17.
Meir informasjon om julekonserten kjem seinare.

