Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til Julegatelystenning og lotteri

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 23. november 2026

Todalen bøgdalag inviterer søndag 29. november klokka 18:00 til av si tradisjonelle julegate ved Matkroken Todalen. Det blir servering av kaffe, gløgg og pepperkaker. Kanskje kjem nissen, men det blir uansett nissepakkar til alle dei yngste. Det blir også sal av lodd i «Det store julegatelotteriet» til bøgdalaget.   

I «Det store julegatelotteriet» kan ein vinne fine premiar, og ein kan kjøpe lodd frå og med i dag og fram til måndag 30. november klokka 17:00. Trekninga er same dag klokka 19:00. 

Kvart lodd kostar kroner 50,- og kan kjøpast via Vipps 568828 (Todalen grendalag). Hugs å skrive namnet på loddkjøparen dersom ein kjøper lodd til andre! 

«Det store julegatelotteriet» er den klart viktigaste inntektskjelda for bøgdalaget si julegate, så dei håper folk kjøper lodd også i år!

Todalen bøgdalag ønskee alle velkommen til julegatelystenning!

Først publisert: 23. november 2026, 07:19 - Sist oppdatert: 25. november 2026, 20:41