Leilighet i Kvendset Borettslag til salgs
Leilighet i Kvendset Borettslag er til salgs for overtagelse etter nærmere avtale. Boligen har en praktisk planløsning og består av entré, stue og kjøkken i åpen løsning, bad og to soverom.
Vi fann 47 artiklar i dette arkivet.
Leilighet i Kvendset Borettslag er til salgs for overtagelse etter nærmere avtale. Boligen har en praktisk planløsning og består av entré, stue og kjøkken i åpen løsning, bad og to soverom.
Laurdag var det nasjonal handledag i regi av Distriktssentret. Distriktssentret jobbar med lokale sistebutikkar, og hjelper sistebutikkar til å halde stand i bygdesamfunn som elles ville ha problem. Distriktssentret er ein kanal for å fordele støtte til nærbutikkane med tanke på oppgradering av butikkar og støtte til drift. Ein gong i året arrangerer dei lokal handledag for å sette fokus på kor viktig nærbutikkane er for livet på bygda og for at folk skal trivast.
Verkstad etablert på 60-talet med tilhøyrande tomt til salgs. Eigedomen ligg ved Todalsøra og er regulert til næringsformål. Salet vert gjennomført privat.
Rykker det i turfoten, men du har gått deg litt lei av dei faste trimpostane? Får du besøk i helga og lurar på kva du skal vise fram av bygda? Er du ny i bygda og ser ikkje stiane for berre fjell? Fortvil ikkje, her kjem tips til 11 ulike turar med ulik pulsgrad!
Yr.no melder om sol, svette og opp mot 29 grader og sol dei neste dagane. Det er så varmt at myggen vurderer å emigrere, og badeendene har søkt om permanent opphaldsløyve. Med slike forhold er det berre å finne fram badebrok, svømmehud og sommarhumør – for no er det badetid i bygda som har fostra både heltar og hønhalsar.
Det er med stor glede og ein viss andakt at vi kan melde: «Hønhalsen 2025 e åv!!» Dermed er det ikkje berre lov, men nærast påbode å ta seg eit friskt elvebad i Todalen.
I ein månads tid har Anna Kashtyper jobba på Matkroken Todalen som eit ledd i prosessen med å trene i å snakke norsk. Anna har nemleg gått på norskopplæring i vinter, og no gjeld det å få trening i å bruke språket. Anna tykkjer at språket er litt vanskeleg, for ho må forhalde seg til bokmål i norskopplæringa på skulen, medan kundane oftast brukar dialekt.
Nei, vi trur ikkje det var presidentvalget i USA som samla fullt hus i Kaffekroken i dag. Derimot passa det faktisk veldig bra at den nye Merkur-konsulenten kom på besøk til Matkroken Todalen i dag, slik at det var skikkeleg dokumentert kor stor betydning kaffekroken har for det sosiale behov – og behovet for å treffast, rett og slett.
Den 1. august tek Mari Redalen skrittet og går over til butikkjobb på Matkroken Todalen. Ho har alltid hatt eit ønske om å jobbe på bua, no fekk ho sjansen. Ho har spurt Terje om butikkjobb fleire gong – men det har aldri passa, og ho har fått nei.
Ein seterdal starta som eit samarbeidsprosjekt mellom menneske og naturen. Ei dyrka sameksistens, ein felles eigendom forma av dei som har levd før oss. Kvennsetdalen er ein gammel seterdal som lik fleire kulturlandskap gror att, men no er det igangsett ein skjøtselsplan for seterstølane Kvennsetsetrin og Markastua. Sist laurdag var det dugnad for å starte arbeidet med å rydde fram kulturarven.
Utvida Bekkerhagan Badeklubb har meldt inn badetemperatur på heile 20,5 grader i Båthølen i dag, og med det ryddar todalen.no sjølsagt framsida for å få plass til denne viktige folkeopplysningssaka.
Dag to med strålande sommarvær, og alle media med respekt for seg sjølv bør med det kome med anten ein badetemp-oppdatering eller råd om korleis unngå mygg. Vi gjekk for det første, så her er det berre å finne fram badebrok og svømmeknapp!