Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

BH-festivalen – sosialt og triveleg å treffast

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. august 2022

Pandemien vi har opplevd dei siste 2-3 åra har vist oss at vi har behov for å treffast og være sosoiale – BH-festivalen er ikkje noko unntak.  Elinor Bolme ønska eit 50-tal deltakarar velkomne på BH-festival i Bekkerhagan bustadfelt, og sa at dei hadde ikkje så mykje å by på, men det er atig å treffast lell.  Bekkerhagan Vel var vertskap for BH-festivalen.  

Varme frå storgrillen til grillmaten. Foto Jon Olav Ørsal

Festivalteltet berga nok kvelden og dempa nordvesten litt. Foto Jon Olav Ørsal

På programmet stod grilling av medbrakt grillmat og så var det kulturinnslag – Gruppa Invalidos bydde på både dansemusikk og litt meir visesongprega – spesialen er Jularbobasert både med originaltekst og med eigne tekstat samt hip hop hambo, samt Trondheimsnatt – også den med både originaltekst og egne tekster og Jostu som solist.  

JP Husbys band med Jan Peter åleine kom også godt ut av det med sin visesong, med både engelske og norske tekstar.  Publikum var rause med applausen til begge – Invalidos hadde sågar to avdelinga på scena – både før og etter kaffen.  

Vi reknar med at BH-festivalen er komen for å bli, så det er berre å sette av ein kveld i august neste år også – det skal da reint statistisk være mange fine kveldar på august, sjølv om det vart litt surt og kaldt i år – men festivalteltet berga kvelden. 

Kaffeservering – Kristian Gjeldnes servert bålkaffe frå svartkjelen og fekk mykje skryt for den. Foto Jon Olav Ørsal

JP Husby band v/ Jan Peter – sorga for visesong med både norske og engelske tekster presentert på ein munter måte. Foto Jon Olav Ørsal

Jon «Jobus» Husby – impresario, kapellmeister og solist for høvet . Foto Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 27. august 2022, 20:29 - Sist oppdatert: 28. august 2022, 07:30