Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Om Todalen.no

Historikk

Todalen.no vart oppstarta seinsommaren 2009 som eit utspring av bygdemobiliseringsprosjektet Godt Mot, Todalen. Målet med bygdemobilisering er å utvikle livskraftige lokalsamfunn der folk trivs og ungdom finn ei attraktiv framtid. Satsinga skal stimulere til auka trivsel, entrepre¬nørskap og etablering av lokale arbeidsplassar, kort sagt: Medverke til at bygda også fram¬¬over blir ein attraktiv buplass. I anledning dette prosjektet vart det oppretta ei synlegheitsgruppe som arbeidde mot det mål å profilera bygda Todalen og Todalssamfunnet på ein best mogleg måte. Grunntanken var at vi skulle famne både dei som budde i Todalen, og dei som var utflytta eller andre todalspatriotar.

Vi starta i det små, og med den målsetting at vi forma sida etter kvart som tida gjekk. Etterjulsvinteren 2010 gjekk sida over i meir organiserte former og vart no ei sjølvstendig og juridisk frivillig eining registrert i Brønnøysundregistra. Då byrja og neste steg i utviklinga av Todalen.no: å knytte til seg medlemmar som ville bidra til å gjera nettsida enno betre. Det aukande arbeidet og ønsket om fortsatt godt redaksjonelt innhald, førte til at vi trong eit stabilt økonomisk grunnlag for vidare drift, som til då hadde vore dugnadsbasert og med støtte frå Godt Mot, Todalen. Dette vart då mogleg med den støtta vi fekk frå både kommersielle aktørar og andre organisasjonar i lokalsamfunnet i form av medlemskontingent i foreininga Todalen.no. Etter kvart fekk og private personar anledning til å teikne støttemedlemskap i foreininga, dette for å kunne støtte opp om drifta og føle eit eigarskap til Todalen.no.

Sidan oppstarten av nettstaden Todalen.no har nettsida vorte stadig meir populær som nyheitskjelde for todalingar, både fastbuande, utflytta, og andre interesserte. Vi har ein fast redaksjon beståande av fire redaktørar som har fortløpande ansvar med å informere og opplyse om det som føregår på førehand samt lage reportasjar frå små og store hendingar, ikkje berre frå Todalen, men og aktuelle og interessante hendingar i lokalsamfunnet.

Styresamansetning

Styreleiar: Stig Husby
Nestleiar: Emil H. Ansnes
Styremedlem: Mali R. Skjermo
Styremedlem: Karin Åsbø
Styremedlem: Bjørn Gunnar Ansnes (Redaksjon)
Styremedlem: Sondre Halset (Regnskap)

Visjon

Todalen.no – kvar einaste dag!

Mål

  • Profilere Todalen og todalsamfunnet på best mulig måte.
  • Vera eit opplysningsmedium via aktivitetskalenderen.
  • Fortsette å levere redaksjonelt godt stoff.
  • Ha bredde og dybde i publiseringene.
  • Være åpen for alle.

Vedtekter

Først publisert: 8. juli 2010, 19:33 - Sist oppdatert: 19. mai 2022, 05:33