Foreininga Venner av Skulstuå i Todalen er ei støtteforeining for stiftinga Skulstuå i Todalen.
Foreininga skal arbeide for at Skulstuå i Todalen skal:
- vere eit kulturminne og ein samlingsstad for alle
- vera ein open møteplass for lokal-, regional-, nasjonal- og internasjonal kulturutveksling
- huse møteplass for lag, foreiningar og organisasjonar
- syna bygda si lange skule- og kulturhistorie, frå første fastskule i 1860-åra (Skulstuå) og fram
til i dag - synleggjera at dette er barndomsheimen til forfattaren og folkemusikar Leif Halse
Styre:
Ragna Kvendset (leiar)
Jon Olav Roaldset
Sissel Halset Storslett
Siri Skjerve
Line Kvendset
Nyheter knytta til Skulstuå i Todalen
Polsdanskveld i Ungdomshuset
Måndag 13. april var heile 18 danseglade personar samla i Todalen ungdomshus. Her vart det instruksjon både i polsdans og andre tradisjonsdansar.
Inviterer til dans i Todalen ungdomshus
Skulstuå i Todalen ynskjer atter velkomne til dans i Todalen ungdomshus måndag 13. april klokka 19:00 – 21:00. Kurset passar for folk i alle aldrar og nivå, både for dei med «nedarva polsfot» og for dei som ikkje har danseerfaring frå før.
Kurs i Polsdans frå Nordmøre i Todalstradisjon og gamaldans i Todalen ungdomshus
I haust arrangerte Skulstuå i Todalen kurs i Polsdans frå Nordmøre i Todalstradisjon og 40 nye danseglade polsdansarar frå Kautokeino i nord til Peru i sør fekk lære den vakre dansen! Rune Hanem med fylje kjem igjen frå Meisingset til Todalen for å halde kurs i polsen, og no utvida med gamaldans attåt.
Bøt & bedring i Skulstuå
Onsdag 11. februar klokka 18:00 startar Venner av Skulstuå i Todalen oppatt med bøt & bedring i Skulstuå. Ta fram «hållåte» og slitte klede som treng å bli bøtt.
Ytre Kunstfagskole på verkstadsbesøk i Todalen
I førre veke hadde Todalen besøk frå Ytre Kunstfagskole. Då dei i fjor var på eit dagsbesøk, vart opphaldet denne gongen eit meir fordjupande møte med staden. Besøket starta i Molde, der studentane fekk omvisning i utstillinga Doggerland av Siri Skjerve og Toril Redalen ved Møre og Romsdal Kunstsenter. Omvisninga var òg eit ope publikumsarrangement og danna eit naturleg utgangspunkt for vidare arbeid i Todalen.
Todalspols i Todalstradisjon – no er det viktig å ta vare på den
Det er Rune Hannem som seier det – no er det berre Nordmørspols etter Todalstradisjon som er att, og alle dei andre variantane er borte. Derfor inviterte Rune Hannem og kona Jorun seg til Todalen for å arrangøre Polsdanskurs. Søndag kveld var det rundt 20 deltakarar som svinga seg til takter frå Torgeir Leivdal som trakterte fela i gymnastikksalen i bygningane til Todalen skule.
Kurs i Nordmørspols i Todalstradisjon
Den entusiastisk stordansaren Rune Hanem med fylje, kjem frå Meisingset til Todalen for å halde kurs i Todalspols. Han ynskjer no å lære frå seg denne fine dansen, som han sjølv fekk lære av polsdansarar frå Todala for mange år sidan. «Den har så mange gamle vendingar som ikkje finst lengre i nokon dans i landet», fortel Rune som ynskjer at nye generasjonar skal få lære denne polsen.
Bøt og bedring med både spenning og nyttig innsats
Det vart ein forsiktig start på sesongens første arrangement med «Bøt og bedring» i Skulstuå, men det vart likevel ein triveleg kveld med fyr på peisomnen og bøting av gamle klede og litt kortspell utover kvelden – og sjølvsagt vart det kveldsmat etterpå.
Bøt&bedring i Skulstuå i Todalen
Torsdag 18.september kl.18 startar vi oppatt med bøt & bedring oppi Skulstuå. Ta fram «hållåte» og slitte klede som treng å bli bøtt. Kortstokken er nyblanda og klar for eit slag amerikaner.
Interessant og vellykka kulturdag i Skulstuå
Sol ute, interessant og lærerik dag inne. Skulstuå i Todalen inviterte til kulturdag laurdag 30. august med foredrag om lærar og kyrkjesongar Kristian Halse.
Allsidig kulturdag i Skulstuå, – med både åndeleg og fysisk føde
Laurdag 30.august kl.13.00 inviterer Skulstuå i Todalen til eit interessant foredrag der Rannveig Eikrem fortel om lærar og kyrkjesongar Kristian Halse (f.1858 – d.1939).
Spansk aften med ekte paella gjorde susen
Det var Siri Lund og ektemannen Francesc som inviterte til spansk aften i Skulstuå. På menyen stod det ekte spansk paella og dette trekte tilnærma fullt hus i Skulstuå. – Siri og Francesc bur begge i Alfaz del Pi i Spania, den ho arbeider som norsklærar og han er spansklærar – kokkeleringa skjer på hobbybasis, men dette fekk vi erfare at var ein god kombinasjon.
