Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2013

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.


Berga nesten heilt til slutt

Berga nesten heilt til slutt

Elinor Bolme Måndag 30. september 2013

Eit lovande G12-lag med spelarar frå både Todalen, Kvanne og Stangvik har denne sesongen gjort bortimot reint bord i seriespelet. Før dagens kamp hadde dei ikkje tapt. I kveld var siste ordinære kamp for denne gong, da mot eit mannsterkt lag frå Halsa. Gutane, med ei jenteforsterkning for anledninga, måtte forøvrig nøye seg med sluttresultatet 5-5 i ein spennande kamp på Bordholmen.

Les heile saka

Elgjakta – Erling fikk 3 fulltreff

Elgjakta – Erling fikk 3 fulltreff

Jon Olav Ørsal Sundag 29. september 2013

Søndag vart det full pott under elgjakta for Erling Halle. Elgfamilien med ku, kalv og okse kom på rekkje og rad på Erling som satt på post i lia mellom Storenghølen og Hanshaugsetra i nærleiken av Myråkja. Med akkurat såpass mellomrom at han rakk å lade om og ta nytt sikte, og alle sammen gikk overeende av velretta skott. Da vart det stopp i jakta og mobilisering for å vomme ut og starte transporten ned til vegen. Heldigvis var det ikkje langt ned til vegen, men likevel blir det fort litt arbeid.

Les heile saka

Mimring i kaffekroken

Mimring i kaffekroken

Jon Olav Ørsal Sundag 29. september 2013

Kaffekroken er ein sosial og mykje bruka møtestad. Både folk som er på handel på Matkroken L. Hals og andre som vil treffe folk møtes ofte her. Laurdag var ikkje noko unntak, og medan sanitetskvinnene rigga seg til stand ute, var det sjølvsagt «full aktivitet» i Kaffekroken. Men denne dagen vart det skikkeleg mimring og oppfrisking av minner frå gamle dager. Ulf Aas kom nemleg innom ein tur, og for oss som har levd ei stund var det da naturleg å skru tida ein god del år tilbake, og etter kvart kom det fram mange artige historien og episodar frå både 50-, 60- og 70-talet og kanskje enda lenger fram.

Les heile saka

Store tap – sauehaldet  i Todalen mot slutten?

Store tap – sauehaldet i Todalen mot slutten?

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. september 2013

Når du mister nærare 1/4 av besetninga på beite er det dramatisk! Det er Ola G. Kvendset som seier dette til Todalen.no. Ola tok over drifta av heimgarden Viastua fra 1. juli i år, og opplever at 17 av dei 83 spelsauene som vart sendte på sommarbeite i Kvennsetdalen/Lauvåfjellområdet blir borte. Han hadde lenge håp om å finne att fleire, men må nok innsjå at håpet svinner. I så fall er det over 20 % av besetninga som er borte. Dei fleste tapa er nok knytta til rovdyr, for vi finn ikkje kadaver. Det er nok eit sikkert tegn på at jerven har herja i saueflokken, seier han. I Viastua var det liknande tak i fjor, og Ola seier at slik går det ikkje an å fortsette.

Les heile saka

Sanitetskvinnene vil bli fleire…

Sanitetskvinnene vil bli fleire…

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. september 2013

Todalen sanitetsforening har alt mange medlemar, men dei vil gjerne bli fleire. Laurdag nytta dei difor finversdagen og innspurten på «Sanitetsveka» til å lage stand utafor Matkroken L. Hals. Med nystekte bollar og kakao som «lokkemiddel»,  fekk dei full fokus på arbeidet dei driv. Mange som var på handlerunde nytta høvet til å stikke bortom […]

Les heile saka

Sjukeheimsbasar på gang…

Sjukeheimsbasar på gang…

Jon Olav Ørsal Fredag 27. september 2013

Den tradisjonelle Sjukeheimsbasaren er like rundt hjøret. Rundt omkring i grendene er det førehandssalg av lodd, og ffor ein 10’er er du med på heile trtekningslista. Lisbet Ranes var fredag på plass på Matkroken L. Hals, og ho fortalte at salget gikk strykande. Det er sjukeheimsforeninga som er arrangør, og dei skal arrangere basar på sjukeheimen laurdag 12. oktober. Der blir det trekning av alle gevinstane.

Les heile saka

Fortsatt litt trøbbel med lysreguleringa

Fortsatt litt trøbbel med lysreguleringa

Elinor Bolme Fredag 27. september 2013

Kolo Veidekke har fortsatt litt problem med lysreguleringen forbi rasstedet. Kjetil Rønning forteller at lysene var utskiftet i går, men virket fortsatt ikke på ettermiddagen. To mann fra Kolo ble dermed utsendt i går kveld der de skiltet om til ett kjørefelt.

Les heile saka

Nybygg på Halla…

Nybygg på Halla…

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. september 2013

Tett attmed vegen i Hallagrenda «skyt det til vers» eit nybygg. Det var Eivind Grønmyr som var i full aktivitet med nytt postkassestativ for bebuarane i Hallagrenda, og den blir bygd etter mønster av dei gammeldagse mjølkerampane som i si tid stod ved vegkanten. Det gamle postkassestativet på Halla gikk overende i ei landvindskule for nokre år sia, og i mellomtida har eit enkelt stativ gjort sin nytte.

Les heile saka

Energiportalen – premiere for ny hjelp til straumsparing

Energiportalen – premiere for ny hjelp til straumsparing

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. september 2013

Onsdag presenterte Svorka Energi i lag med kommunane Halsa, Rindal og Surnadal den nye Energiportalen Svorka for pressa. Energiportalen svorka skal være eit hjelpemiddel og ei inspirasjonskilde for private straumkundar i dei tre kommunane, og denne tjenesta blir tilbydd for gratis bruk for private boligar. Denne tjenesta er tidlegare teke i bruk i fleire kommunar landet rundt, men avtalen med at Svorka Energi er med i dette kommunale samarbeidet er unikt. Svorka er det første energiselskapet som deltek i energipoprtalen. Det internettbaserte programmet har låg brukarterskel og er enkelt i bruk, fortel prosjektleiar Einar Oterholm som presenterte opplegget for pressa.

Les heile saka

Gult blir snart til grønt igjen

Gult blir snart til grønt igjen

Elinor Bolme Onsdag 25. september 2013

Som fleire som ferdast gjennom anleggsområdet forbi rasstaden mest truleg har lagt merke til, så er lysreguleringa ute av normal drift for tida. Kolo Veidekke sin mann på staden i dag tidleg kunne derimot fortelje at dette snart vil bli retta. Dei ventar på ein del til eit av kameraene som gjer at reguleringa ikkje […]


Reine dametider på Hett & svett

Reine dametider på Hett & svett

Elinor Bolme Onsdag 25. september 2013

Todalen Idrettslag har etter ønske frå enkelte sett opp eigne damekveldar på Hett & svett. Dei oppsette tidene er kvar tirsdag og torsdag frå 18-20. Dette er i første omgang ein prøveperiode fram til jul, for å sjå korleis det blir benytta. Er det ellers nokon som ikkje kom seg på veiledningstimane med Ola Einar, […]


Ryddar vekk drivtømmer

Ryddar vekk drivtømmer

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. september 2013

Mykje drivtømmer er rydda opp av sjøen etter raset, men det er nok mykje att enno. Det dukkar stadig opp restar etter skogen som vart med ut i sjøen med raset, og det er slett ikkje ufarleg for dei som ferdes på sjøen. Tysdag var det «ryddeaksjon», da kystverkets båt var på Todalsfjorden for å ta opp drivtømmer. Det var Kystverkets båt «Oljevern 1» som jobba med å hente inn drivtømmer som dei tok i land på Ansnessaga.

Les heile saka