Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Berga nesten heilt til slutt

Berga nesten heilt til slutt

Elinor Bolme Måndag 30. september 2013

Eit lovande G12-lag med spelarar frå både Todalen, Kvanne og Stangvik har denne sesongen gjort bortimot reint bord i seriespelet. Før dagens kamp hadde dei ikkje tapt. I kveld var siste ordinære kamp for denne gong, da mot eit mannsterkt lag frå Halsa. Gutane, med ei jenteforsterkning for anledninga, måtte forøvrig nøye seg med sluttresultatet 5-5 i ein spennande kamp på Bordholmen.

Halsa tok tidleg i kampen leiinga 0-1, men dei lokale gutane reduserte ganske fort, og måla rann jamt inn i første omgang på begge sider, til 4-4. No tek guttene snart ein velfortjent haustferie, før dei dreg til Kristiansund på Dalecup nest siste helga i oktober.

Under er eit lite bildegalleri frå serieavslutninga. Foto ElinorB

Publisert: 30. september 2013, 22:20