Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sanitetskvinnene vil bli fleire…

Sanitetskvinnene vil bli fleire…

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. september 2013

Todalen sanitetsforening har alt mange medlemar, men dei vil gjerne bli fleire. Laurdag nytta dei difor finversdagen og innspurten på «Sanitetsveka» til å lage stand utafor Matkroken L. Hals. Med nystekte bollar og kakao som «lokkemiddel»,  fekk dei full fokus på arbeidet dei driv. Mange som var på handlerunde nytta høvet til å stikke bortom for å få litt informasjon, og ikkje minst for å kjøpe lodd på den fine akvarellen som Lisabet Storlsett hadde laga til utlodding. Akvarellen skal trekkjast på julearrangementet som skal arrangerast i Sanitetshuset i desember.

På programmet denne laurdagen stod også oppfølgjing av programmet «Stopp vold mot kvinner». Det er kanskje ikkje det største problemet i Todalen, men det er viktig å drive haldningsskapande arbeid over alt i samfunnet. I tillegg til sanitetskvinnene står Den norske kyrkje, Islamsk råd, Reform, Krisesentersekretariatet, Virke, JURK og pensjonistforbundet attafor denne kampanjen som har pågått i sommar og haust. Det vart delt ut gratis knapp som jakkemerke og eit raudt arband i samband med aksjonen.

Seinare i haust skal Todalen sanitetsforening være med og markere stemmerettsjubileet. Det skjer på Gammelfabrikken den 24. oktober, og er eit arrangement i samarbeid mellom Surnadal kommune, Todalen sanitetsforening og Talgø. Her vil ein markere betydninga som sanitetskvinnene har hatt for at vi til slutt fikk stemmerett for kvinner i 1913. På lokalt plan starta Todalen sanitetsforening på den tida, med industrikvinna Thora Talgø som første ledar. Dette kljem vi att med meir informasjon om seinare.

Publisert: 28. september 2013, 12:44