Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2011

Vi fann 66 artiklar i dette arkivet.


Nordvik grendalag med dugnad

Nordvik grendalag med dugnad

Elinor Bolme Fredag 29. april 2011

Frå Nordvik meldes det at dei no er ferdige med dugnaden etter ein kvelds innsats både inne og ute rundt Forsamlingshuset. Det vart rydda på leikeplassane og rundt forsamlingshuset, det vart og vaska rundt i huset og lagt ny grus på parkeringsplassen. Kvelden vart avslutta med kaffelag ute i det fri.

Les heile saka

Røy på besøk

Røy på besøk

Elinor Bolme Fredag 29. april 2011

Fra Kristine Saksen Ulvund har vi fått ein epost om ei røy som var i skulen og sosialiserte seg på torsdag. Kristine skriv: Vil dele noen bilder med dere av ei «tam» Røy som oppholdt seg på Todalen Oppvekstsenter i hele dag.
Det var Thea som fortalte om Røya da hun kom hjem fra skolen. Etter middag dro vi ned for å fotografere fugelen,
men da var hun borte..

Les heile saka

Talgø kjøper Bindalsbruket

Talgø kjøper Bindalsbruket

Jon Olav Ørsal Fredag 29. april 2011

Onsdag var avtalen med Bindal kommune om overtaking av Bindalsbruket ferdigforhandla og alle detaljane på plass. Torsdag vart avtalen om salg av Bindal kommunes aksjar behandla i kommunestyret, der avtalen einstemmig vart vedteken. Dermed var det klart for signering av avtalen etter kommunestyremøtet som denne gongen vart avvikla i lokalene til Bindalseidet skule. Dermed er formalitetane rundt kjøpet klare, og Talgø Invest AS tek over Bindal kommunes aksjepost på 97,15%. Dei resterande aksjane er eigd av Frithjof Plathe og Einar Bangstad.

Les heile saka

Tap, men mye positivt i første seriekamp

Ole Petter Talgø Torsdag 28. april 2011

Fotballsesongen har starta, og G14-laget til STKU åpna mot Batnfjord/Reinsfjell 27. april. På heimesidene til IL Søya finn vi fyldig referat av kampen frå Bjørn Hauglann. Kampen endte med 2-3 tap, men guttene viste mye positivt. For å lese heile referatet, besøk IL Søyas heimesider. Neste kamp er på Søyabanen 4. mai.


Bilde frå Haukåa

Bilde frå Haukåa

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. april 2011

Du er kanskje vant til å sjå fossane i Haukåa på avtand, men det er få som har betrakta disse på nært hold og neppe teke bilder der. Jon Bruset har gått etter elva, ovafrå og ned, og han har sendt oss bilder fra turen ned attmed elva. I ein e-post til Todalen.no skriv Jon Bruset: » Tok ein tur langs Ytre Haukåa i dag. Bildeserien startar frå det litt slakkare lendet på toppen, omtrent der grøfta der dei tok vatn over til Indre Haukåa tok av. ( Får prøve ei sak på dette samtidig med Indre Haukåa).

Les heile saka

Kulturhuset i mai

Kulturhuset i mai

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. april 2011

Ny kulturkalender er på gang, denne gongen er det for mai månad og snart finn du den i postkassen din. Her er det mykje å by på, og startar med 1. maifeiring og forsett med Kalla Skrøvseth-utstilling den 10.5 og Peer med Teaterklassen ved NoFo. Vidare er det 17. maifeiring, Rødhette og ulven den 25. […]


Per Sagtrø’n sitt bidrag

Per Sagtrø’n sitt bidrag

Elinor Bolme Tysdag 26. april 2011

Denne gongs bloggar har gjort romsdaling av seg, men er ein flittig brukar av todalen.no -kvar einaste dag, og det likar vi! Som de kanskje hugsar var det Per Ørsal som vart utfordra av Nils Helge Ness i forrige blogginnlegg, og her kjem resultatet.

Les heile saka

29 på 2 timer

29 på 2 timer

Elinor Bolme Tysdag 26. april 2011

2. påskeedag satt Sondre Halset på Hals og selde personlege medlemskap i todalen.no. I dei to timane han satt der var det heile 29 stykkar som takka ja til det, og fekk sitt eige nummererte medlemskort. Reknar ikkje med at alle vart nådd med desse to timane, så eit slikt stunt vil sikkert bli teke oppatt seinare utover våren.

Les heile saka

Fasit og vinnarar for påskequiz

Fasit og vinnarar for påskequiz

Ole Petter Talgø Tysdag 26. april 2011

Mandag 2. påskedag var det trekning av vinnarar frå Sondre og Maris påskequiz på Hals. Totalt var det 21 personer med riktig svar som sendte inn. Vi har fått gode tilbakemeldingar på konkurransen, og vi håpar å kunne komma med fleire konkurransar i framtida.

Les heile saka

Triveleg stund på Haugligardane

Triveleg stund på Haugligardane

Jon Olav Ørsal Måndag 25. april 2011

Friluftsgudstenesta på Haugligardane vart ei fin og triveleg stund for dei 60-tals tilhørarane som møtte fram. Det var sokneprest Lene Gåsvatn frå Rindal som heldt gudstenesta, og Todalskoret med dirigent Bernt Bøe var som vanleg på plass og sørga for flott korsong og forsterking av korsongen under gudstenesta.

Les heile saka

Bli personleg medlem i dag!

Bli personleg medlem i dag!

Elinor Bolme Måndag 25. april 2011

På årsmøtet til todalen.no 15.mars vart det vedteke at vi skulle prøva oss på personleg medlemskap. Det vil bli to ulike måtar å tegne dette på; ved bankoverføring, eller ved kontant betaling i «kontrollerte» former. Første gongen det blir høve til kontant betaling vil bli under kioskope 2. påskedag på Hals mellom 16 og 18. Da vil nyvalgt styreleiar Sondre Halset sitja der og registrere dei som ynskjer å teikne medlemskap. Prisen er sett til 100 kr i året.

Les heile saka

Bildeglimt frå påskefjellet

Bildeglimt frå påskefjellet

Jon Olav Ørsal Sundag 24. april 2011

Frå Jon Bruset har vi fått e-post og helsing. Bilde er frå langfredag da han var på tur til Skihytta og Ørsalfjellet. Vi legg ut bilda som eit galleri, der du kan studere utsikten og fjella rundt Todalen.

Les heile saka