Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2021

Vi fann 90 artiklar i dette arkivet.


Artig med god gammeldags basarstemning – no oppdatert med trekningsliste

Jon Olav Ørsal Sundag 31. oktober 2021

Søndag ettermiddag arrangerte Todalen IL den første basaren er at  vi opna oppatt landet igjen.  Det er meir enn halvanna år sia sist, og det var nok mange som har sakna den sosiale kontakten og basarstemninga som slike arrangement kan bidra med.  Arrangøren skryter av oppmøtet, og kan rapportere at det kom inn totalt kr 33.510 – som kjem vel med for drifta av idrettslaget.


Eystein Opdøl – etterlyser sauer

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 31. oktober 2021

Eystein Opdøl har teke kontakt med redaksjonen for å etterlyse nokre sauer. Det er snakk om to unge søyer med to lam kvar, og ei søye med eitt lam. Sauene går vanlegvis i Innerdalen, men sidan Eystein ikkje har sett snurten av sauene under saueleitinga, mistenker Eystein at dei har trekt ned i liene i Todalen, utover mot Øyakjerringa/Virumkjerringa eller utover mot Vasnebba/Grånebba. Det er også mogleg dei har trekt innover mot Bjøråskaret og Storfjellet. 


Gratis kino – «Vær her»

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 31. oktober 2021

Torsdag 4. november klokka 19:00 inviterer Nasjonalforeningen for folkehelsen i samarbeid Surnadal demensforening og helselag alle til å bli med å sjå filmen «Vær her» på Surnadal kino. Filmen er gratis for alle som ønskjer å sjå den. Så har du lyst til å sjå den, så er det berre å krysse av datoen i kalenderen og møte opp på Surnadal kino torsdag 4. november!


«Ei todalsslekt» – slekts- og historiebok dersom du er interessert?

Jon Olav Ørsal Sundag 31. oktober 2021

Siste nytt på bokfronten er nok Astrid berit Hindhammer og mora Solveig Ørsal Hindhammer, som har skrevet slekts- og historiebok om slekta si.  Dei to tek utgangspunkt i Ola og Ane (Anne) Ørsal og folket i Ørsalgeilen, og viser slektsforgreiningar både attover og framover, og kvar dei mange etterkomarane har hamna og kva dei har drive med gjennom tida


«Heittgjort» i rute – både bok og revy!

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. oktober 2021

Premieren nærmar seg fort no, om tre veker er det nemleg premiere for både bokprosjektet og revyen – begge med namnet «Heittgjort».  Det skjer i Surnadal kulturhus fredag 19. og laurdag 20. november, med 2 revyforestillingar som skal promotere boka som er skreve om revymiljøet i Surnadal frå 60-talet og fram til i dag. 


Sosiale media på biblioteket

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 30. oktober 2021

Sosiale media er altfor viktige til berre å bli synsa om. Magnus Hoem Iversen har difor saumfart forskinga og gjev deg oppdaterte svar på dette på Surnadal bibliotek onsdag 3. november klokka 19:30. Er du på Facebook? Instagram? Snapchat? Eller nokre av dei andre? Og veit du kva det gjer med deg?


Klart for vintertid, igjen!

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. oktober 2021

Vi treng ikkje legge opp til nokon debatt om klokka skal stilles fraover eller attover, for regelen her er enkel – du skal ganske enkelt stille klokka mot sommaren.  Fram mot sommaren på våren og attover mot sommaren om hausten. 


Sjølvtesting for koronavirus

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. oktober 2021

Frå 1. november blir det enklare å teste seg sjølv ved nyoppståtte luftvegssymptom og mistanke om koronavirus. I tråd med FHI sine anbefalingar vil Surnadal kommunen dele ut sjølvtestar til personar som har nyoppståtte luftvegssymptom. Frå 1. november kan du få nokon til å hente sjølvtestar for deg på servicetorget på kommunehuset mellom klokka 09.00 – 15.00. Personar som har symptom skal ikkje komme inn på kommunehuset!


Idrettslagsbasar søndag – Siste dag med førehandssal i dag!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. oktober 2021

I dag er det siste dag med førehandssal til Idrettslagsbasaren på søndag. Mellom klokka 15:00 – 17:30 vil det vere førehandssal av lodd på Matkroken Todalen. I tillegg kan du kjøpe lodd på Vipps 527926 fram til laurdag 30. oktober klokka 18:00. Husk da å skrive kva namn lodda skal skrivast på! Kvart lodd kostar kroner 50,- og da er du med i trekkinga av alle gevinstane på felleslista, og på hovudpremien, som denne gongen er eit gåvekort for to frå Svinvik gard. 


26. til 29. mai 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 28. oktober 2021

Planlegginga av neste års «Vårsøghelg» er allereie godt i gang. I ei pressemelding frå Vårsøghelga no i ettermiddag, kan dei fortelje at neste års «Vårsøghelg» blir arrangert frå torsdag 26. mai til og med søndag 29. mai 2022. Litt av kva vi kan forvente om programmet, vart og offentleggjort i pressemeldinga. Under neste års «Vårsøghelg» får vi møte mellom andre Bjørn Tomren, kjent frå årets utgåve av «Stjernekamp» på NRK 1, da saman med Heine Bugge, og da under namnet «Polka Bjørn & Kleine Heine». 


Dametrimmen i gang!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 28. oktober 2021

Vi har motteke ei lita sak frå gårsdagens treningsøkt for damene i bygda, frå ein av dei tidlegare redaktørene våre. For å ivareta treningsiveren vart det krav om full anonymitet for deltakere som tok mot til seg og dukka opp på tidlegare annonsert dametrim i Idrettslagets regi.


Open kafé hos Slettneset steinovnsbakeri søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 28. oktober 2021

Søndag 31. oktober mellom klokka 12:00 – 16:00 er det open kafé og bakeriutsal hos Slettneset steinovnsbakeri. Så da er det mogleg å ta turen for ein kopp kaffe med noko godt å ete attåt, eller berre stikke innom å kjøpe noko godt for å ta med seg heim!