Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2021

Vi fann 90 artiklar i dette arkivet.


Merkurprogrammet – på lag med landsbygda

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. oktober 2021

Onsdag var det besøk frå Merkur på Matkroken. Det var Stig Olson, som er konsulent i Merkur, som var på sin årlege runde for oppfølging av butikkar som er med på Merkur sitt utviklingsprogram for utkantbutikkar.  Det er eit statleg utviklings- og kompetanseprogram som skal være ei hjelpande hand for daglegvarebutikkar på landsbygda.  På landsbasis er det meir enn 600 butikkar som er med på Merkurprogrammet, og i Midt-Norge er det rundt 70 som er med. 


Trekning i Todalen sanitetsforening sin Vipps-basar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 13. oktober 2021

I går kveld var det trekning i Todalen sanitetsforening sin Vipps-basar i Todalen sanitetshus. Det vart selt 333 lodd, noko som betyr at det kom inn 33.300 kroner på saniteten sin Vipps-basar i år. Dette er eit bra resultat og er pengar som kjem godt med i Todalen sanitetsforening sitt arbeid. 


Støtteordningar til lag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 12. oktober 2021

Lotteri- og stiftelsestilsynet administrerer to ordningar som kan gje store tilskot til laga det gjeld og som er omfatta av ordningane. Den eine ordninga er koronarelatert, og heiter «Tilskot til arrangement og aktivitetar». Dette er ei ordning som skal kompensere for bortfall av inntekter i samband med covid- 19 og gjeld denne gongen for perioden 1.1. – 31.10.21. Den andre ordninga er «Momskompensasjon på idrettsanlegg». Dette er ei ordning som rettar seg mot bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet. 


Jenny blir 100 år – storstila feiring komande laurdag.

Jon Olav Ørsal Måndag 11. oktober 2021

Fredag fyller Jenny Kvendset 100 år – ho er bortreist på dagen, men legg opp til storstila feiring komande laurdag og da er alle som har lyst til å bli med på feiringa velkomne til Todalen ungdomshus. Jenny har planlagt feiringa i lang tid no, og det er hennar høgste ønske at «alle», både slekt og venner, skal få kome til ungdomshuset denne dagen for å ta del i feiringa. Eit anna ønske ho har, er at det skal bli nok mat, og det har vi teke høgde for, smiler barnebarnet Jenny som er med i komiteen.


Kløvertur i ruskevêr

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. oktober 2021

I ruskevêr gjekk Todalen sanitetsforening sin vekentlege Kløvertur i dag til Toåa tursti. Åtte damer trossa vêr og vind og var med på turen, for godt med frisk luft er det uansettA Det var samling med kaffe i gapahuken ved Båthølen.  


Senioruniversitetet: Historia om Surnadal Billag

Jon Olav Ørsal Måndag 11. oktober 2021

Hugsar du den tida da Surnadal Billag køyrte «Mørelinjen» mellom Mørebyane og Trondheim, og bussane var bemanna med ei billettrise i tillegg til sjåføren som dermed kunne konsentrere seg om å halde i rattet og følgje rutetidene?  Onsdag 20. oktober kl 12.00 kjem Odd Arthur, Guro Strand, Martinus Grimsmo med fleire til Surnadal Billag på Surnadalsøra for å fortelje historia til transportselskapet Surnadal Billag AS.


Stavgangarane til Vang

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. oktober 2021

Torsdag 14. oktober klokka 11:00 tek Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til I.L. Søya sitt skianlegg på Vang. Dette blir siste stavgangtur for sesongen. Parkering og kaffe ved Vang skisenter på Vang. 


Ope bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. oktober 2021

Fredag 15. oktober mellom klokka 12:00 -17:00 er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Da fyller dei nok ein gang opp bakeriutsalet med mange ferske bakevarer, så her finn ein noko for ein kvar smak!


Todalen sanitetsforening med «Vipps-basar»

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. oktober 2021

I år, som i fjor, blir Todalen sanitetsforening sin årlege og tradisjonelle «Sanitetsbasar» ein «Vipps-basar». Saniteten vil ha førehandssal på Matkroken Todalen fredag 8. oktober klokka 10:00 – 17:00 og laurdag 9. oktober klokka 10:00 – 15:00. I år er det fellesliste, der ein er med i trekninga på ALLE gevinstane, og kvart lodd kostar kroner 100,-, og Vippsnummeret er 534955 (Basar Todalen sanitetsforening).


Surnadal G13 mot Molde G13 på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. oktober 2021

I dag hadde Surnadal G13 heimekamp mot Molde G13 på Bordholmen. Vêrgudane viste seg ikkje akkurat frå si beste side, så det var regn stort sett under heile kampen, men det såg ikkje ut til at det påverka spelarane sin innsats på banen nemneverdig. For det var mykje godt spel og stor innsats frå båe lag. 


Hausttakkefestgudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. oktober 2021

I dag var det Hausttakkefestgudsteneste i Todalen kyrkje. Start 4H hadde pynta med frukt og grønnsaker til gudstenesta. Liturg var Cathrine Grutle medan Svein Ness vikarierte som organist. Neste års konfirmantar var med og las frå dagens tekst, medan 50-årskonfirmantane var invitert til å delta på gudstenesta. 


Koseleg jubileumsfest

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 9. oktober 2021

Laurdag kveld var det jubileumsfest for 50-årskonfirmantane i Todalen. I år vart jubileet feira på Hammerstuene på Surnadalsøra. Totalt seksten personar, inkludert jubilantane og dei to som skal konfirmerast i Todalen kyrkje til våren, møtte opp for å vere med på feiringa. Det vart ei koseleg og vellukka feiring av jubilantane.