Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hausttakkefestgudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. oktober 2021

I dag var det Hausttakkefestgudsteneste i Todalen kyrkje. Start 4H hadde pynta med frukt og grønnsaker til gudstenesta. Liturg var Cathrine Grutle medan Svein Ness vikarierte som organist. Neste års konfirmantar var med og las frå dagens tekst, medan 50-årskonfirmantane var invitert til å delta på gudstenesta. 

Start 4H hadde pynta i kyrkja. Foto: J S Ansnes

Det var og utdeling av 4- og 6-årsbøker. Sidan det, på grunn av koronasituasjonen, ikkje vart slik utdeling i fjor, fekk dei som er fødde i 2016/17 4-årsboka i år, og dei som er fødde i 2014/15 fekk 6-årsboka. 

Neste års konfirmantar leiar innmarsjen saman med to av dei som skulle få 4- og 6-årsbok. Foto: R A Moe

Liturg Cathrine Grutle brukte plansjar under preika si for å illustrere forteljinga om blinde Barimeus som fekk att synet. 

Liturg Cathrine Grutle bruke illustrasjonar i forteljinga om blinde Bartimeus som fekk att synet. Foto: R A Moe

 

Publisert: 10. oktober 2021, 12:09