Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal G13 mot Molde G13 på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. oktober 2021

I dag hadde Surnadal G13 heimekamp mot Molde G13 på Bordholmen. Vêrgudane viste seg ikkje akkurat frå si beste side, så det var regn stort sett under heile kampen, men det såg ikkje ut til at det påverka spelarane sin innsats på banen nemneverdig. For det var mykje godt spel og stor innsats frå båe lag. 

Surnadal med eitt av mange angrep. Foto: B G Ansnes

Det var Molde som kom best i gang, og scora etter berre 20 sekunders spel. Etter det jamna kampen seg ut og heimelaget overtok meir og meir av spelet utover i omgangen. Da dommar Harald Gule bles av til pause hadde heimelaget snudd kampen og kunne gå til pause med ei 3-1 leiing. 

Heimelaget pressa på for scoring. Foto: B G Ansnes

I starten av andre omgang bølga spelet fram og tilbake, og omgangen var nesten halvspelt før bortelaget fann nettmaskene og reduserte til 3-2. Etter det tok heimelaget over spelet og skapte mange kvalifiserte sjansar. Nokre av sjansane vart omgjort i scoringar, og rett før slutt leia heimelaget 6-2. Like før slutt reduserte bortelaget ein gong, slik at sluttresultatet vart 6-3. 

Surnadal med eit frispark som gjekk rett i mål. Foto: B G Ansnes

Det var bra med tilskodarar på kampen og kioskpersonalet hadde hendene fulle under heile kampen. 

Surnadal sine målscorarar: 1-1 Theo Polden, 2-1 Fredrik Settemsdal, 3-1 Sindre Dahle Fiske, 4-2 Sindre Dahle Fiske, 5-2 Fredrik Settemsdal og 6-2 Jo Helgetun Schei. 

Melde med eit farleg frispark, men det resulterte ikkje i teljande resultat. Foto: B G Ansnes

 

Publisert: 10. oktober 2021, 15:34