Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2011

Vi fann 70 artiklar i dette arkivet.


Full gjødselkjeller

Full gjødselkjeller

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. mars 2011

I Austistua hos Olav Halle var gode råd dyre når gjødselkjellaren gikk full ein månad før våronna kunne starte, og ordnær møkkakjøring kunne ta til. Redninga vart å kjøre ca 100 m3 til Bruset der gjødselkjellaren står tom i år. Olav fortel at det i hans besetning blir rundt 7-800 m3 med møkk i løpet av vinteren, og han reknar med at ca 100 m3 må kjørast ut no, for at det skal halde fram til våronna tek til i månadsskiftet mai/juni.

Les heile saka

Endeleg vêromslag…

Endeleg vêromslag…

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. mars 2011

Endeleg kika sola fram og det vart ein strålande dag, med sol frå blå himmel og litt varme i lufta. Har inntrykk av at alle er lut lei vinteren no. Den har vart i over 5 månader sidan første snøen kom, og det er på tida at vi får litt føling med våren etter kvart. Værmeldingane på yr.no seier at det blir opphald eit par dagar til, før det igjen kjem ein nedbørsperiode som går frå førstkomande laurdag og fram mot neste helg med temperaturar mellom 8-10 grader på dagtid. Men da kjem nedbøren som regn.

Les heile saka

Litt polarhistorie

Litt polarhistorie

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. mars 2011

Da redaksjonen fekk e-posthelsing frå Lars Stensby om at han var på Svalbard, fekk han umiddelbart svar og beskjed om å ta bilde av den gamle kyrkjeklokka i Longyearbyen. Den har nemleg ei historie med lokal preg, noko som ikkje så mange kjenner til? Ein nordvikgarding var nemleg delaktig i arbeidet med den første kyrkjeklokka som var i bruk i Longyearbyen, nemleg klokkestøyparen Ola T. Polden frå Åsbøhagen på Nordvik.

Les heile saka

Mykje nedbør registrert

Mykje nedbør registrert

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2011

Erik Kårvatn ved målestasjonen for Norsk institutt for luftforskning (NILU) på Kårvatn fortel i dag at det har vore rekord i nedbørsmengden den siste perioden. Frå den 21. til den 28. mars vart det registrert 100 mm nedbør. Noko som i følge han er lenge sia sist. Snødybda er no oppe i heile 145 cm.

Les heile saka

Skrult – ei musikalsk oppleving

Skrult – ei musikalsk oppleving

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mars 2011

Vi minner om konserten med Skrult i Todalen Kyrkje i kveld kl 19.00. Bandet Skrult er frå Ålvundfjord, og denne konserten er ein del av jubileumsprogrammet til til kyrkja. Under finn du også ein smakebit frå gruppa.

Les heile saka

Tap for gjestane

Tap for gjestane

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2011

 I helga som var hadde Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Surnadal besøk av trønderlaget Utleira for spel av treningskampar. Dette var eit lag dei stifta bekjenntskap etter cupspel før jula i fjor. Gjestane måtte sjå seg slått av begge heimelaga, men hadde eit bra opphold for det i følge rapportane. Her kan du lese heile saka på IL […]

Les heile saka

Reisebrev fra Svalbard

Reisebrev fra Svalbard

Jon Olav Ørsal Måndag 28. mars 2011

Lars Stensby arbeider som overingeniør innen Drift og Vedlikehold for MainTech AS i Trondheim. Arbeidet bringer han rundt om kring for å hjelpe kunder i nord og sør. Denne gangen har han vært på Svalbard og har sendt oss noen ord om hvordan han opplevde Spitsbergen

Les heile saka

Todalen i A-magasinet – 1981

Todalen i A-magasinet – 1981

Jon Olav Ørsal Sundag 27. mars 2011

I april 1981 (For 30 år sia) var det store oppslag om livet i Todalen den gongen. Da var Berit Vikdal og Geir Arnesen i Todalen for A-Magasinet (bilag til Aftenposten) for å ta pulsen på todalingane, og dei bruka heile 5 sider i A-Magasinet for å presentere resultatet. Todalen.no har fått låne denne utgåva av magasinet […]


Årets bilde – litt forsinka

Årets bilde – litt forsinka

Jon Olav Ørsal Sundag 27. mars 2011

Laurdag fekk Kjetil Sogge, litt forsinka, overrekt premien for «Årets Bilde 2010». Han fekk ein innrama versjon av vinnarbiletet «Frostrøyk» som premie. «Frostrøyk» vart ein suveren vinnar i sluttfinalen, men det var like vel mange sterke konkurrentar i konkurransen. Vi gratulerer vinnaren Kjetil Sogge.

Les heile saka

Tidvis morgonfugl i Molde

Tidvis morgonfugl i Molde

Elinor Bolme Sundag 27. mars 2011

Da har vi motteke marsbidraget til bloggen vår. Denne gongen er det Nils Helge Ness busett i Molde som sist gong vart utfordra av Linda Tørset vi skal besøkje. Velbekomme!

Les heile saka

Jo Kåre tok sølvmedalje i VM

Jo Kåre tok sølvmedalje i VM

Jon Olav Ørsal Sundag 27. mars 2011

Jo Kåre Torvik (50) (Høyem) er fersk sølvmedaljevinnar i Veteran-VM i hopp. For eit par veker sia var han i Harrachov i Tsjekkia, og han kom som sagt heim med ei sølvmedalje og ein 8.-plass. Han deltok i 40- og 70-metersbakken, fortel nettstaden Nabonytt.no i Buvika der han bor i dag.

Les heile saka

Sommartid – still klokka i natt!

Sommartid – still klokka i natt!

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mars 2011

Frå i natt er det endeleg sommartid. Da stiller du klokka ein time fram, frå kl 02 til kl 03. Natta blir altså ein time kortare enn vanleg. Er du i tvil om klokka skal stilles att eller fram så er regelen enkel: Du stiller alltid klokka mot sommaren, altså fram om våren og attover […]