Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Skrult – ei musikalsk oppleving

Skrult – ei musikalsk oppleving

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mars 2011

Ålvundeid sokneråd har teke initiativ til å arrangere kyrkjekonsertar med bandet Skrult frå Ålvundfjord. Konsertane blir gjort i same særeigne stil som den spesielle konserten i Hov kirke under Sunndal Kulturfestival i fjor. I dag, onsdag 6.april kl. 19.00 gjestar dei Todalen kyrkje som ein del av jubileumprogrammet til kyrkja.

Skrult tek lyttarane med seg på ei reflektert musikalsk reise gjennom tema som håp, kjærleik, krig, desperasjon og tru. Musikalsk er det ei vandring gjennom forskjellige stilartar med hovudvekt på amerikansk, irsk og norsk folkemusikk. Skrult held korta tett inntil brystet og vil ikkje røpe kva som står på programmet.

Her kan du få ein smakebit.

Det er venta at stemninga i kyrkja blir som i fjor –  mykje folk og stor jubel. Det er eit samarbeid med sokneråda i Øvre Rindal og Todalen om denne konsertveke. Dei to siste feirar i år jubileum for kyrkjebygningane sine med ulike arrangement. Konserten med Skult er ein del av feiringa. Konserten i Øvre Rindal kapell er 9.april kl. 16.00. og i tillegg skal den framførast i Ålvundeid kyrkje 10.april kl. 19.00.

Først publisert: 29. mars 2011, 11:30 - Sist oppdatert: 7. april 2011, 09:58