Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Mykje nedbør registrert

Mykje nedbør registrert

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2011

Erik Kårvatn ved målestasjonen for Norsk institutt for luftforskning (NILU) på Kårvatn fortel i dag at det har vore rekord i nedbørsmengden den siste perioden. Frå den 21. til den 28. mars vart det registrert 100 mm nedbør. Noko som i følge han er lenge sia sist. Snødybda er no oppe i heile 145 cm.

Erik tek prøver og måler det aller meste som kan målast når det gjeld vass- og luftkvaliteten. Og det er ikkje så mykje som skal til for at verdiane endrar seg. Han har no i seinare tid vorte kontakta av dei som analyserer prøvane angåande forhøga vassverdiar ved ein tidlegare periode. Denne aktuelle endringa kom seg av regnperioden der brua ved hyttefeltet vart rasert. Men slike endringar er ikkje varige, dei vil alltid gå tilbake til normalen igjen, fortel Erik.

Måling av nedbør, kvar dag, året rundt på Kårvatn for oppdragsgivar NILU.

Publisert: 29. mars 2011, 21:28